SYKB120P Praksisstudie, Grunnleggande sjukepleie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er eit rettleia praksisstudie med fokus på utøving av personsentrert sjukepleie til menneske som treng hjelp til å dekke sine grunnleggande behov. Studenten nyttar sjukepleieprosessen i utøving av sjukepleie, behandling og rehabilitering saman med pasient, pårørande og helsepersonell
Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 405 timar.
Av desse timane er 240 timar knytt til direkte pasientretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar og sjølvstudium.
Det er krav om 90 % deltaking i praksis.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar:
Studenten…
- har kunnskap om teknologi og digitale løysingar
- har kunnskap om informasjonstryggleik i utøving av sjukepleie
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte relasjons- og kommunikasjonskompetanse i møte med brukarar, pasientar og pårørande
- kan nytte fagleg kunnskap om grunnleggande behov, helse og sjukdom for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte kunnskap om yrkesetiske retningslinjer og gjeldande lovverk i si tenesteutøving
- kan samhandle med anna helsepersonell
- kan reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justere eigen praksis i si tenesteutøving
- kan reflektere over etiske og juridiske problemstillingar ved bruk av teknologi og digitale løysingar
- kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
- kan identifisere og vurdere risikofaktorar knytt til individ
- kan beherske smitteverntiltak for å hindre spreiing av uønskte mikrobar
- kan beherske kartleggings-, vurderings- og dokumentasjonsverktøy i utøving av sjukepleie
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan organisere og leie eige arbeid
- kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering under rettleiing
- kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar, pårørande og anna helsepersonell basert på respekt, medbestemming og integritet
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emne SYK100, SYK110, SYK130
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesningar
- Arbeid i grupper
- Digitale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten kan starte i direkte pasientretta arbeid:
1: Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering. Krav om 90 % deltaking.
2: Ferdigheitsprøve, individuell/gruppe.
Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Praksisstudie vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til 90% deltaking i praksis.
Ny praksis: Dersom praksis vert vurdert til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel