SYKB130 Anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studenten lære om kroppen sin anatomi, fysiologi og biokjemi. Anatomi er læra om oppbygginga av kroppen, og fysiologi læra om kroppen sin funksjon. Biokjemi er læra om kjemiske strukturar og kjemiske prosessar i levande organismar.
Ein skal også lære om mikrobiologi. Mikrobiologi er læra om mikroskopiske organismar, t.d. bakteriar, virus og sopp. Kunnskap om desse er naudsynt for å forstå korleis infeksjonssjukdommar oppstår og vert behandla, og vidare korleis infeksjonar kan førebyggast.
Emnet inneheld følgande tema:
Anatomi, fysiologi, biokjemi
- Grunnleggande omgrep
- Grunnleggande kjemi og biokjemi
- Celler
- Genetikk - arv
- Histologi - vev
- Nervesystemet
- Sansane
- Huda
- Det endokrine systemet/hormonsystemet
- Respirasjonssystemet
- Sirkulasjonssystemet (hjartet og åresystemet)
- Blodet
- Immunsystemet
- Nyrene og urinvegane
- Væske-, elektrolytt- og syre-base-reguleringa
- Fordøyingssystemet
- Energiomsetnaden
- Temperaturreguleringa
- Skjelettet
- Musklane
- Forplantingsorgana (mannen sine kjønnsorgan, kvinna sine kjønnsorgan, svangerskap og fødsel)
Meir utfyllande informasjon og forventa fagleg djupne og nivå i dei ulike temaa kjem fram i skildringa av faginnhald i eige dokument utforma av NOKUT (Læringsutbyttebeskrivelse og faginnhold for emnet anatomi, fysiologi og biokjemi, Bachelorutdanning i sykepleie).
Mikrobiologi
- Bakteriar, virus, sopp, protozoar og andre mikroorganismar
- Mikroorganismane sin patogenitet og virulens
- Smitterisiko og smittekjeda
- Resistensutvikling ved bruk av antimikrobielle middel
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Anatomi, fysiologi, biokjemi
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om namn på anatomiske strukturar og organ i menneskekroppen
- har brei kunnskap om anatomi i betydninga
- makroanatomisk: organ og organsystem
- mikroanatomisk: celler og vev
- har brei kunnskap om plassering av organa i forhold til kvarandre
- har brei kunnskap om funksjonane til dei ulike organa og organsystema i kroppen
- har brei kunnskap om normal fysiologi i dei ulike organa og organsystema
- har brei kunnskap om reguleringsmekanismar og homeostase i den friske kroppen
- har kunnskap om sentrale biokjemiske prosessar i den friske kroppen
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan meistre omgrep og terminologi i fagfelta anatomi, fysiologi og biokjemi
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan formidle brei kunnskap om menneskekroppen sin anatomi og fysiologi
- kan formidle kunnskap om biokjemi
Mikrobiologi
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om dei mest vanlege mikroorganismane (bakteriar, virus, prion, parasittar og sopp) og infeksjonar dei kan gje
- har brei kunnskap om smitterisiko, til dømes mikroorganismane sin patogenitet og virulens
- har brei kunnskap om smittekjeda
- har kunnskap om antimikrobielle middel og resistensutvikling
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan meistre omgrep og terminologi i fagfeltet mikrobiologi
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan formidle brei kunnskap om smittestoff og smitterisiko
- kan formidle kunnskap om mikrobiologi, antibiotikabruk og resistensutvikling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesningar
- Arbeid i grupper
- Digitale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: 80% oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering), omfang kjem fram av timeplanen.
2: Individuell skriftleg prøve i mikrobiologi
Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi, 4 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ny eksamen gjennomførast i same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel