SYKB300 Sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Innhald i emnet omfattar sjukepleie til pasientar med komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta. Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing om helseutfordringar og behandlingsforløp med fokus på sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon.
Emne dekker i tillegg følgande tema:
- Når funksjonsnedsetting pregar liv og helse
- Pasientforløp (behandlingsforløp)
- Metodar for brukarmedverknad
- Teknologi og helse
- Rus og avhengighet
- Omsorgssvikt, vald og overgrep
- Sosioøkonomiske problem
- Gjeldande lovverk og relevante offentlege dokument
- Tverrfagleg, tverrprofesjonelt og tverrsektoriell samhandling
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om aldringsprosessen og eldre sine særeigne behov
- har brei kunnskap om sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete
- har kunnskap om rus- og avhengigheit
- har kunnskap om metodar for brukarmedverknad på individ- og systemnivå
- har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor helsetenesta
- har kunnskap om risikofaktorar i helsetenesta og prinsipp og tiltak for å redusere pasientskader
- har kunnskap om teknologi og digitale løysingar
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
Generell kompetanse:
Studenten…
- har innsikt i sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus og sosioøkonomiske problem, og kan identifisere og følge opp menneske med slike utfordringar, samt kunne sette inn nødvendige tiltak og/eller behandling, eller vise vidare
Krav til forkunnskapar
SYK 100, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P
Tilrådde forkunnskapar
SYK110
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesing
- Arbeid i grupper
- Digitale ressurser
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering) omfang kjem fram av timeplan.
Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen, 3 dagar. Lengde 3000 ord +/- 10%.
Tid og stad for innlevering av eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen gjennomføres med samme form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel