SYKH140 Sjukdomslære og farmakologi
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet gjev brei kunnskap i sjukdomslære og farmakologi knytt til fysiske og psykiske sjukdommar, slik at ein kan identifisere pasienten sine behov og velge og grunngje sjukepleietiltak. Sjukdomslære omfattar både grunnleggande fellestrekk ved sjukdomsprosessar, sjukdommar og skade. Sjukdomslære omfattar årsaken til sjukdommen (etiologi), endringane som kan finnast i kroppen (patogenese), problema pasienten får (symptom), kliniske funn, korleis ein kan finne kva sjukdom pasienten har (diagnose), behandling av sjukdommen (terapi) og korleis ein forventar at sjukdommen utviklar seg (prognose).
Farmakologi er legemiddellære. Den generelle farmakologien omhandlar i hovudsak korleis legemiddel påverkar celler i kroppen (farmakodynamikk), korleis legemiddel vert tekne opp, transporterte, brotne ned og skilt ut av kroppen (farmakokinetikk). Farmakologi omhandlar også biverknadar av legemiddel og korleis legemidla kan påverke kvarandre sine effektar eller omsetnad (interaksjonar).
Emnet inneheld i tillegg følgande tema:
- Smerter og smertebehandling
- Forstyrringar i væske-, elektrolytt- og syre-base-balansen
- Blodprodukt og transfusjonar
- Traumatologi, brannskadar og forgiftingar
- Anestesi, pre-, per- og postoperativ behandling, intensivmedisin
- Legemiddelhandtering og- rekning
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om dei vanlegaste symptom, sjukdommar, sjukdomsforløp og behandling
- har brei kunnskap om dei vanlegaste psykiske lidingane og sjukdommane
- har brei kunnskap om farmakologi relatert til sjukepleiaren sitt funksjons- og ansvarsområde
- kjenner til behandling ved ulike skadar
- har brei kunnskap om forsvarleg legemiddelhandtering og -rekning
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan beherske omgrep og terminologi i fagfeltet sjukdomslære
- kan beherske omgrep og terminologi i fagfeltet farmakologi
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan formidle sentralt fagstoff i fagfelta
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emne SYK100, SYK110, SYK120P og SYK130
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Arbeid i grupper
- Digitale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering) omfang kjem fram av timeplan.
- Individuell skriftleg medikamentrekningsprøve (må vere 100% rett).
Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.
Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk: Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen gjennomføres i samme form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BSM2A - Patologi, sjukdomslære og farmakologi - Reduksjon: 12 studiepoeng
- BSM3 - Sjukdomslære og farmakologi - Reduksjon: 3 studiepoeng
- SK161 - Sjukdomslære, farmakologi, medikamenthandsaming og generell førstehjelp - Reduksjon: 15 studiepoeng
- SYKHB1032 - Sjukdomslære og farmakologi med fokus på somatikk - Reduksjon: 7 studiepoeng
- SYKSB1032 - Sjukdomslære og farmakologi med fokus på somatikk - Reduksjon: 7 studiepoeng
- SYKSB2033 - Sjukdomslære, patologi og farmakologi med fokus på kommunehelsetenesta og psykisk helse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SYKHB2033 - Sjukdomslære, patologi og farmakologi med fokus på kommunehelseteneste og psykisk helse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SYKHB2023 - Sjukepleie ved spesielle behov innan kommunehelsetenesta og psykisk helse - Reduksjon: 0,5 studiepoeng
- SYKSB2023 - Sjukepleie ved spesielle behov innan kommunehelsetenesta og psykisk helse - Reduksjon: 0,5 studiepoeng