Hopp til innhald

SYKH300 Sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Innhald i emnet omfattar sjukepleie til pasientar med komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta. Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing om helseutfordringar og behandlingsforløp med fokus på sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon.

Emne dekker i tillegg følgande tema:

  • Når funksjonsnedsetting pregar liv og helse
  • Pasientforløp (behandlingsforløp)
  • Metodar for brukarmedverknad
  • Teknologi og helse
  • Rus og avhengighet
  • Omsorgssvikt, vald og overgrep
  • Sosioøkonomiske problem
  • Gjeldande lovverk og relevante offentlege dokument
  • Tverrfagleg, tverrprofesjonelt og tverrsektoriell samhandling

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om aldringsprosessen og eldre sine særeigne behov
  • har brei kunnskap om sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete
  • har kunnskap om rus- og avhengigheit
  • har kunnskap om metodar for brukarmedverknad på individ- og systemnivå
  • har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor helsetenesta
  • har kunnskap om risikofaktorar i helsetenesta og prinsipp og tiltak for å redusere pasientskader
  • har kunnskap om teknologi og digitale løysingar

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis

Generell kompetanse:

Studenten…

  • har innsikt i sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus og sosioøkonomiske problem, og kan identifisere og følge opp menneske med slike utfordringar, samt kunne sette inn nødvendige tiltak og/eller behandling, eller vise vidare

Krav til forkunnskapar

SYK 100, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P

Tilrådde forkunnskapar

SYK110

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesing
  • Arbeid i grupper
  • Digitale ressurser
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Eigenvurdering
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

  • 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering) omfang kjem fram av timeplan.

Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 3 dagar. Lengde 3000 ord +/- 10%.

Tid og stad for innlevering av eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen gjennomføres med samme form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SYKHB2023 - Sjukepleie ved spesielle behov innan kommunehelsetenesta og psykisk helse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng