Hopp til innhald

SYKS230P Praksisstudie, Kirurgisk sjukepleie ved akutt, kronisk og kritisk sjukdom

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er eit rettleia praksisstudie med fokus på utøving av personsentrert sjukepleie til menneske med akutt, kronisk og kritisk sjukdom innanfor kirurgi. Studenten nyttar sjukepleieprosessen i si utøving av sjukepleie med særskilt fokus på behandling, rehabilitering og lindring i samhandling med pasient, pårørande og anna helsepersonell.

Emnet kan innehalde pediatri, svangerskap og barselomsorg.

Kvart av emna SYK220P og SYK230P har eit arbeidsomfang på 405 timar, totalt for begge emna 810 timer. Totalt i emna skal studentane ha 540 timar direkte pasientretta arbeid. Det er forventa progresjon frå første til andre praksisemne (SYK220P og SYK230P).

Det er krav om 90% frammøte i praksis.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten…

  • har kunnskap om teknologi og digitale løysingar i helsetenesta
  • har kunnskap om informasjonstryggleik knytt til utøving av sjukepleie

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom til menneske med akutt, kronisk og kritisk sjukdom for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
  • kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak ved subakutte og akutte hendingar, samt utøve hjarte og lungeredning
  • kan nytte kunnskap om barn og unge sine behov for behandling og/eller tenester, og kan sikre deira medverknad og rettar både som pasient og som pårørande
  • kan nytte relasjons- og kommunikasjonskompetanse i møte med pasientar og pårørande
  • kan nytte teknologi og digitale løysningar i den hensikt å understøtte pasientar og pårørande sine ressursar, meistring og medverknad
  • kan reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
  • kan reflektere over etiske og juridiske problemstillingar ved bruk av teknologi og digitale løysingar
  • kan identifisere og vurdere risikofaktorar knytt til individ og system, samt dokumenterer og systematisk følge opp dette
  • kan beherske relevant medisinsk teknisk utstyr
  • kan beherske smitteverntiltak for å hindre spreiing av uønskte mikrobar
  • kan beherske kartleggings-, vurderings- og dokumentasjonsverktøy i utøving av sjukepleie
  • kan delta i målretta samarbeidsprosessar med pasientar, pårørande og anna helsepersonell

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan leie eige, og andres arbeid og prioritere sjukepleieoppgåver
  • har innsikt i kvalitetsindikatorer og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie
  • kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke, og gjennomføre sjukepleie til menneske i palliativ fase
  • kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering og -rekning, og kvalitetssikrar den enkelte pasient sin legemiddelbruk
  • kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medbestemming og integritet
  • kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til pre-og postoperative pasientar
  • kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige vurderingar av sjukepleiebehov til menneske med urfolks- og minoritetsbakgrunn
  • kan delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta
  • kan formidle fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

SYK100, SYK120P, SYK130, SYK140.

Når dette er andre praksisperiode i 2.studieår er det krav om at SYK220P eller SYK330P er bestått. Når dette er tredje praksisperiode i 2. studieår er det krav om at SYK220P og SYK330P er bestått.

Tilrådde forkunnskapar

SYK110, SYK200

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesningar
  • Arbeid i grupper
  • Digitale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Eigenvurdering
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta arbeid:

  1. Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering. Krav om 90% deltaking.

Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Praksisstudie vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt krav til 90% deltaking i praksis.

Dersom praksis vert vurdert til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel