SYK250UTV Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet er tilrettelagt for at studentane skal tileigne seg brei kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse i helsefremmande og førebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv. I tillegg vil emnet bidra til auka innsikt i sentrale omgrep og tema innan global helse, internasjonalisering, FN sine berekraftsmål og menneskerettar. Praksis er ei fordjuping innanfor folkehelsearbeid.
Emnet gjer det mogleg å ta ein del ute og ein del heime.
Emnet inneheld følgande tema:
• Helsedeterminantar og sosial ulikskap i helse
• Salutogenese og empowerment
• Helsekompetanse/Health literacy
• Sjukepleiaren sin pedagogiske funksjon
• Nasjonale og internasjonale styringsdokument
• Kultur og helse i eit globalt perspektiv
• Migrasjonshelse
• Kultursensitivitet og kommunikasjon
• Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
• Vaksinasjon
• Livsstil og livsstilsendringar
• Førebyggande helsearbeid knytt til barn og unge
• Frivillig arbeid
Studentane sitt arbeidsomfang i emne er rekna til 405 timar. Av desse er 160 timar knytt til pasient- og brukarretta arbeid på ulike nivå.
Dette emnet er for studentar som reiser på utveksling i del 1, og/eller del 2 av emnet i tråd med utvekslingsavtaler.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten…
- har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon i eit folkehelseperspektiv
- har kunnskap om relevante undervisnings- og rettleiingsmetodar
- har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om helse- og sosialpolitikk innanfor fagfeltet folkehelse, inkludert gjeldande myndigheitskrav
- har kunnskap om barn og unge sine behov for tenester i eit folkehelseperspektiv og sikring av deira medverknad og rettigheiter
- har kunnskap om samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
- har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid
- har kunnskap om arbeidsinkluderande tiltak
- har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innanfor helse- og sosialfeltet og folkegrupper der studentane har sin utveksling
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helsefremmande og forebyggande tiltak og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan nytte kunnskap om kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte kunnskap om lærings-, meistrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i folkehelsearbeid
- kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving innanfor folkehelsearbeid
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i folkehelsearbeid for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak som fremmer god psykisk helse
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
- kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kan formidle og reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
Krav til forkunnskapar
SYK110, SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P
Tilrådde forkunnskapar
SYK200
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer som brukast.
• Førelesingar
• Arbeid i grupper
• Digitale ressursar
• Formidling frå studentar
• Ferdigheitstrening
• Simulering
• Rettleiing
• Medstudentrespons
• Eigenvurdering
• Oppgåveløysing
• Skriftleg arbeid
• Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i del 2:
1. Delta på rettleiing i grupper knytt til prosjektplan/oppgåve/utveksling
2. Godkjend prosjektskisse på inntil 1000 ord
3. Refleksjonsnotat 500-1000 ord
Vurderingsform
Eksamen består av to delar og begge må vere bestått.
Del 1:
Praksis160 timar knytt til pasient - eller brukarretta arbeid. Praksisstudiet vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må studenten ha oppfylt kravet om 90% deltaking i praksis.
Del 2:
Oppgåve i gruppe (eller individuelt), lengde 3500 ord +/- 10%.
Tid og stad for innlevering av oppgåva blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Bestått/ ikkje bestått.
Ny eksamen:
Ved ikkje bestått vurdering del 1, vil det tilretteleggjast for ny praksisperiode på campus ved neste moglegheit
Ved ikkje bestått vurdering på del 2, er det høve til å levere forbetra versjon av oppgåva. Ein/gruppa har då rett på ei rettleiing.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate.
Meir om hjelpemiddel