MAT122 Statistikk for ingeniørar
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i fagområdet statistikk og sannsynsrekning. Det vert lagt vekt på å forstå og nytte statistiske modellar til å beskrive data som er samla inn, og om mogleg seie noko om data som ikkje er observert, kjent som statistisk inferens. Det vil òg bli lagt vekt på bruk av relevante dataverktøy.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet har følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter fullført emne kjenner studenten til grunnleggjande teori om deskriptiv statistikk, sannsyn, fundamentale fordelingar, estimering av parametre og konfidensintervall, hypotesetesting, korrelasjon, enkel lineær regresjon, val av statistiske modellar og dataverktøy for statistikk.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- velje eigna statistiske modellar
- gjere enkle rekneoperasjonar og nytte relevant dataverktøy for å analysere data
- estimere relevante parametre, teste hypotesar og gjennomføre lineær regresjon
Generell kompetanse
Etter fullført emne
- har studenten kjennskap til statistiske modellar og kan utføre enkle analysar
- kan studenten forstå, fortolke og vurdere resultat frå statistiske analysar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vert lagt opp med blanda undervisningsformer, og presentasjon av lærestoffet skjer mellom anna gjennom førelesingar, litteratur og oppgåverekning.
Det vert lagt vekt på rekneøvingar, der studentane samarbeider om å nytte seg av teorien i oppgåveløysing, assistert av studentassistentar eller faglærer. Det vert òg lagt vekt på bruk av relevante dataverktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske aktivitetar. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige for alle påfølgjande semester.
Vurderingsform
3 timar skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-991 og Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MAT121 - Statistikk for ingeniør - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BYG102 - Statistikk og landmåling - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ELE161 - Statistikk og måleteknikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ELE103 - Statistikk og måleteknikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MAT102 - Diskret matematikk og statistikk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MAT112 - Statistikk for ingeniør - Reduksjon: 5 studiepoeng