Hopp til innhald

PPUY308 Praksis 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studenten skal i dette praksisemnet vidareutvikle ein  yrkesdidaktisk-, sosial-, endrings-, utviklings- og yrkesetisk kompetanse. I tillegg er det viktig at studentane utviklar ein sjølvstendig identitet i lærerrolla og kompetanse for yrkesfagleg læringsleiing.

Hovudtema i det første praksisemnet vidareførast, men i tillegg vil den praktiske sida ved det å jobbe i skulen som organisasjon være viktig. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og yrkesdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.

Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 heile arbeidsdagar.

Studenten skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og ha eit sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Ho/han skal og delta i møte- og samarbeidstid samt i det faglege utviklingsarbeidet ved skulen.

Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden                               

Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finne i studieheftet frå studiestaden.

Læringsutbytte

Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan samarbeide med elevar og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • kan utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø. 
  • kan rettleie elevane i å ta vidare utdanningsval frå ungdomstrinnet til fag- og yrkesopplæring.
  • kan bidra til at faga vert praksisretta gjennom elevane sine interesser og yrkesretta i samarbeid med andre faglærarar i skulen.
  • kan møte elevar ut frå deira individuelle og kulturelle forutsetningar og utvikle medansvar i ein demokratisk læringsorganisasjon.
  • kan bruke opplæringslova sin formålsparagraf i det daglege lærararbeidet.
  • kan framstå som rollemodell i skulen, samarbeidsbedrifter, lokalsamfunnet og på andre samfunnsarenaer.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to arbeidskrav felles for alle studiestadar.

  1. Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis
  2. Studenten skal dokumentere innhaldet i praksis i form av ein avsluttande praksisrapport.

Desse og arbeidskrav utover dette vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått.