Hopp til innhald

FYS801 Fysisk aktiv leik i barnehagen

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet Fysisk aktiv leik (FYS801) i barnehagen er dei første 15 studiepoenga i vidareutdanninga Fysisk-motorisk utvikling og aktivitet i barnehagen på tilsaman 30 studiepoeng. Studiet er på masternivå.

Målet med emnet er å auke studentane sin innsikt i samanhengane mellom fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik og barna si heilskaplege utvikling, læring og helse. Emnet legg til rette for utvikling av eigen praksis knytt til arbeid med fysisk aktivitet i eigen barnehage. Læringsmåla er sentrerte rundt faglege kunnskapar om og ulike perspektiv på fysisk aktivitet, leik og korleis ulike aktivitetar kan fremme barn si fysiske, motoriske, kognitive og emosjonelle utvikling. Studentane vil få kunnskap om korleis fysisk aktiv leik kan bidra til å gi barn ulike erfaringar, slik at dei blir trygge på eigen kropp, blir kjent med eigne kjensler og får ei positiv sjølvoppfatning. Refleksjon over ulike perspektiv på verdien av bevegelse og leik, inkludert leiken sin eigenverdi og verdi for læring, samt spenninga mellom planlagt og spontan aktivitet, er også sentralt. Emnet legg opp til ei kopling mellom teori og praksis, der studentane vil få oppgåver som skal gjennomførast i eigen barnehage.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande teoretisk kunnskap om fysisk aktivitet, fysisk aktiv leik og motorisk utvikling og ulike perspektiv på korleis desse omgrepa kan forståast
  • har inngåande kunnskap om samanhengar mellom ulike typar fysisk aktivitet, fysisk aktiv leik og barn si helse og utvikling, inkludert motorisk-, kognitiv- og sosio-emosjonell utvikling
  • har kunnskap om fysisk aktivitet, fysisk aktiv leik, utvikling av ferdigheiter og livsmeistring i eit førebyggjande-, helsefremmande- og danningsperspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin fysisk aktive leik
  • kan kritisk reflektere over eigen praksis i høve til bruk av fysisk aktiv leik

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over betydinga av fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik for barn si helse, utvikling, livsmeistring og danning
  • kan forholde seg kritisk til litteratur på området og diskutere faglege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil ha fysiske samlingar på høgskulen og nettundervising. Arbeidsmåtar vil veksle mellom teoretisk og praktisk aktivitet, førelesingar, samt diskusjon i grupper og sjølvstendig refleksjon. Emnet vil ha arbeidskrav knytt til utprøvingsarbeid i eigen barnehage, refleksjon og erfaringsdeling. Emnet vil utvikle studentane sin digitale kompetanse gjennom bruk og utvikling av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar.

I emnet er det er to obligatoriske læringsaktivitetar som er forankra i emnet sitt læringsutbytte.

Obligatorisk læringsaktivitet 1: Utprøving av ulike aktivitetar i eigen barnehage. Individuelt. Knytt til følgjande læringsutbytter:

  • Studenten kan leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin fysisk aktive leik
  • Studenten kan kritisk reflektere over eigen praksis i høve til bruk av fysisk aktiv leik

Obligatorisk læringsaktivitet 2: Refleksjonsnotat om utvikling av eigen praksis. Skriftleg innlevering og munnleg presentasjon. Individuelt. Knytt til følgjande læringsutbytter:

  • Studenten kan reflektere over betydinga av fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik for barn si helse, utvikling, livsmeistring og danning
  • Studenten kan forholde seg kritisk til litteratur på området og diskutere faglege problemstillingar
  • Studenten kan kritisk reflektere over eigen praksis i høve til bruk av fysisk aktiv leik

Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel