Fysisk-motorisk utvikling og aktivitet i barnehagen

Etter- og vidareutdanning

Denne vidareutdanninga gir deg innsikt i samanhengane mellom fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik og barna si heilskaplege utvikling, læring og helse.

Innhaldet i studiet er sentrert rundt ulike perspektiv på fysisk aktivitet, leik og korleis ulike aktivitetar kan fremme barn si fysiske, motoriske, kognitive og emosjonelle utvikling. Du vil arbeide med tilrettelegging for fysisk aktiv leik og korleis fysisk aktiv leik kan integrerast i ulike fagområde, slik at alle barn opplever utfordring og meistring på tvers av ulike føresetnadar for deltaking i det fysiske og sosiale fellesskapet.

Studiet er bygd opp av to emne på 15 sp kvar, der Fysisk aktiv leik i barnehagen går i haustsemesteret og Barnehagelærarrolla og pedagogisk arbeid med fysisk aktiv leik går i vårsemesteret.

Studiet legg opp til ei kopling mellom teori og praksis, der du vil få oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid som skal gjennomførast i eigen barnehage.

Timeplan

Haust 2021 (FYS801)

Fysiske samlingar i Bergen:

  • 7.-9. september
  • 19.-20.oktober
  • 23.-24. november

Nettsamlingar:

  • 21. september
  • 5. oktober
  • 2. november
  • 16. november

Eksamen 7.-14- desember

Vår 2022 (FYS802)

Fysiske samlingar i Bergen:

  • 18.-20. januar
  • 15. og 16. mars
  • 31. mai -2. juni (eksamen 2. juni)

Nettsamlingar:

  • 1. februar
  • 15. februar
  • 5. april
  • 3. mai