Hopp til innhald

ING303 Systemtenking og innovasjon for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet Systemtenking og innovasjon for ingeniørar skal introdusera kandidaten for systemtankegang, heilskaplege innovasjons- og utviklingsprosessar samt økonomiske analysar. Gjennom førelesingar og gruppebasert arbeid vil tema innan økonomi, innovasjon og "systems engineering" verte fletta saman til eit ingeniørfagleg emne som skal bidra til å sjå heilskapen i samfunnet frå eit ingeniørfagleg standpunkt.

Emnet skal mellom anna gi studenten ei innføring i innovasjon og entreprenørskap som fenomen, samt ein innføring i verktøy og metodikkar som kan nyttast til å utvikla berekraftige ingeniørprosjekt. Gjennom eit større gruppeprosjekt skal studentane bruka metodikkar og verktøy frå emnet på ei problemstilling forankra i ingeniør- og teknologifaga.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten...

  • har naudsynte kunnskapar om metodikk og teknikkar innan systemanalyse, økonomiske analysar og innovasjonsprosessar.
  • har forståing for modelleringsteknikkar, kravsanalyse og funksjonelle analysar samt levesyklustankegong.
  • forstår grunnleggjande samanhengar mellom tekniske ingeniørfaglege emne og heilskapleg systemtankegong.
  • kjenner til økonomiske analyser, kalkylar, rekneskap og ulike selskapsformer.
  • har forståing for innovasjonar sin påverknad på samfunnet og miljøet.
  • har kunnskap om innovasjon, entreprenørskap, økonomi og teknologiutvikling innan eige fagfelt.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan bruka innovasjonsmetodikk i ingeniørprosjekt.
  • kan gjennomføra systemmodellering, kravsanalyse og funksjonelle analysar.
  • kan vurdera den økonomiske, miljømessige og sosiale berekrafta i tidlegfaseprosjekt.
  • er i stand til å nytta kunnskap om sentrale prinsipp innan økonomi, marknadsføring og rekneskap til å gjennomføre prosjekt på ein god måte.
  • kan kommunisera resultat frå analysar munnleg, skriftleg og visuelt.
  • kan arbeida som del av ei gruppe.

Generell Kompetanse

Kandidaten...

  • kan sjå ein tverrfagleg samanheng mellom økonomi, leiing, samfunn, berekraft og teknologi.
  • kan reflektera over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er 60 studiepoeng innan ingeniør- eller teknologifag.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og arbeid i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to arbeidskrav:

  1. Signera og levera inn samarbeidsavtale for gruppeprosjektet.
  2. Deltaking på innovasjonsdag med presentasjon av eigen pitch.

Arbeidskrava må vera gjennomførte og godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Godkjende arbeidskrav er gyldige i 2 semester.

Vurderingsform

Deleksamen.

Del 1: Skriftleg gruppeoppgåve (tel 70% av karakteren). Oppgåva skal vera på inntil 6 000 ord (+/- 10%).

Del 2: Individuell berekraftsrapport (tel 30% av karakteren). Oppgåva skal vera på omlag 2 000 ord (+/-10%)

Begge delar må vera bestått for at emnet skal vera bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tillat

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ING101 - Teknologileiing, økonomi og nyskaping - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING3054 - Prosjektarbeid i tverrfaglege team - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • OR2-302 - Ingeniørfagleg systememne - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING303D - Systemtenking og innovasjon for ingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng