Hopp til innhald

INT100 Interkulturell kompetanse før studentutveksling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette emnet er ei førebuing for studentar som dreg på utveksling. Emnet tek sikte på å skape grunnlag for kunnskap og forståing for eige ståstad, og førebu studenten på opphald ved læringsinstitusjon/praksisplass i ein anna kontekst enn den norske.

Gjennomført kurs med eksamen gir 2,5 studiepoeng. Gjennomført kurs utan eksamen gir kursbevis.

Emnet inneheld følgjande tema:

Del A: Interkulturell kompetanse knytt til eigen posisjon

  • Refleksjon over eigen bakgrunn og posisjon som norsk student i ein global verden
  • Nasjonal kultur, samfunnsstruktur og den nordiske velferdsstatsmodell i globalt perspektiv

Del B: Interkulturell kompetanse tilpassa destinasjon og profesjon

  • Kultursensitivitet (fordommar og stereotypiar)
  • Interkulturell kommunikasjon
  • Kulturelle dimensjonar og referanserammer

Etiske dilemma i refleksjon over eige utanlandsopphald

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om interkulturell kommunikasjon
  • har kunnskap om ulike typar samfunn og kulturelle dimensjonar (det norske og mottakarlandet)
  • har kunnskap om kulturelle variasjonar innan eigen disiplin/profesjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan samhandle og kommunisere med menneske frå ulike samfunn
  • kan bruke eigen disiplin- /profesjonskompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
  • kan identifisere og reflektere over etiske dilemma ved eige utanlandsopphald

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad og utvide eigen forståingshorisont i møte med praksisplass/utdanningsinstitusjon under utveksling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert i fleire delar med undervisning. Gjennomførast digitalt/ved fysisk oppmøte.

Kurset er rekna til 10-12 timar obligatorisk undervising + førebuing.

  • Del A - Digital: Førelesing, diskusjonar og presentasjonar.
  • Del B - Fysisk/digital: Førelesing, case, dialog, diskusjonar og presentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Aktiv deltaking på all undervisning
  • Del A : Førebuing via HVL sine nettsider og oppgåve om eigen bakgrunn
  • Del B: Presentasjon av tema (PowerPoint i Canvas)

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studentane skal få gå opp til eksamen

Vurderingsform

Oppgåve. Individuell skriftleg tekst på 1500 ord, samt lese og respondere på medstudent sin tekst.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom eksamen ikkje er bestått, eller om studenten ikkje ønskjer å ta eksamen, får studenten utferda eit kursbevis.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel