KAS530 Prosjektplan
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Studenten skal i løpet av emnet utarbeide ein prosjektplan for masteroppgåva. Prosjektplanen dannar grunnlag for masteroppgåva. Emnet omhandlar korleis prosjektplanen for masteroppgåva skal utformast, og kva han skal innehalde. Emnet gir trening i å skildre, leggje fram og diskutere eit tema og ei problemstilling. Emnet gir også ei innføring i prosessen med å sende søknader til regionale komitear for forskingsetikk, Norsk senter for forskingsdata og personvernombodet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- kan planleggje og utvikle sitt eige forskingsprosjekt
- har inngåande kunnskap om forskingsfelt sitt
- har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan tenkje logisk og systematisk om tema som er relevante for forskingsprosjektet
- kan meistre prosjektplanformatet
- kan bruke etiske prinsipp og relevante forskingsetiske retningslinjer i sin eigen prosjektplan
- kan bruke lovverket om personvern i samband med prosjektutvikling, datainnsamling og datalagring
Generell kompetanse:
Studenten …
- kan diskutere utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar og -metodar
- vurderer overføringsverdien til forskingsarbeidet
- gjere avvegingar når det gjeld forskingsetiske spørsmål i helsefagleg forsking
Krav til forkunnskapar
KAS500, KAS510, KAS520 og MAMET1SKA må vere bestått.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet omfattar forelesingar, sjølvstudium og rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitetar må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:
- 90 % deltaking på studentaktiv undervisning
- Minimum 1 obligatorisk rettleiing med tildelt rettleiar
Vurderingsform
Oppgåve
Oppgåve i form av ei prosjektplan på inntil 2000 ord, individuelt eller i par. Studentar som skriv felles prosjektplan, må også skrive felles masteroppgåve.
I løpet av arbeidet med prosjektplanen har studenten/-ane krav på inntil tre timar rettleiing, individuelt eller i gruppe. Rettleiing kan gjerast i gruppe.
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen, kan student/-ane levere omarbeidd versjon av prosjektplanen til ny eksamen inntil 1 gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel