Hopp til innhald

MGUKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.

Til emnet står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal studenten kunne tilpasse undervisninga ut frå ei vid forståing, kjenneteikna av eit mangfaldig og inkluderande fellesskap. Undervisninga i emnet skal også bidra med ei innføring i arbeid med å kunne vurdera elevane si læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
  • har kunnskap om arbeid med en inkluderande undervisningspraksis
  • har kunnskap om vurdering for- og av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om kroppsleg læring og didaktiske praksisar som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
  • har kritisk kunnskap om kroppen, også som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for læringsarbeid som inkluderer og anerkjenner mangfald som ein ressurs
  • kan gjennomføra skapande og utforskande undervising på ulike arena og i nærmiljøet, der bevegelseserfaring mestring og refleksjon står sentralt
  • kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, undervising og læringsfremjande tilbakemeldingar.
  • kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving ut frå ei vid forståing av tilpassa opplæring
  • kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på turar/ekskursjonar.
  • Akademisk lesing: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.

Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.

Obligatoriske læringsaktiviteter må vera fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Del 1: Oppgåve i form av ein akademisk tekst (omfang: 1500 ord +/-10%). Tel 50 % av endeleg karakter.

Del 2: Oppgåve i form av film og refleksjonsnotat (omfang: 1500 ord +/-10%. Filmen leggjast som vedlegg til teksten). Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delar må væra bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det leverast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1 - Akademisk tekst: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Del 2 - Film og refleksjonsnotat: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel