MKUF505 Prosjektskisse og forskingskontekst
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er at studentane skal gjera seg kjent med relevante kunstfagdidaktiske og/eller formidlingsmessige forskingsfelt med tanke på utvikling og gjennomføring av eige masterprosjekt seinare i studiet. Sentralt i emnet står utvikling av prosjektskisse og utforsking av aktuelle forskingskontekstar. Emnet er todelt:
Del 1: Prosjektskisse
Studentane skal som del av emnet levere ei skriftleg prosjektskisse som er tematisk knytt til studieretningsfaget og dannar grunnlag for eit heilskapleg og gjennomførbart masterarbeid. Som del av prosjektskissa skal det utviklast ein tidsplan som skildrar framdrifta i masterarbeidet. I prosjektskissa skal studenten gjera greie for problemstilling og forskingsspørsmål, teoretiske perspektiv, metodiske spørsmål og formidlingsform.
Del 2: Forskingskontekst
Studentane skal i emnet undersøke ein sjølvvald forskingskontekst som førebuing til eige masterarbeid. Gjennom oppgåva skal studenten reflektere over tidlegare forsking, aktuelt datamateriale og forskingsetiske spørsmål relevante for den aktuelle forskingskonteksten. Arbeid knytt til aktuelle kunstfaglege forskings- og utviklingsprosjekt ved HVL kan vera del av oppgåva.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner eksisterande forsking innan det kunstfagdidaktiske og formidlingsmessige feltet relevant for problemstillinga i masteroppgåva
- har spesialisert kunnskap om faglege diskursar innan det valde forskingsområdet for masteroppgåva
- har avansert kunnskap om akademisk tekstproduksjon og utvikling av forskingsdesign
Ferdigheiter
Studenten
- kan kritisk vurdere aktuell forsking innanfor eit avgrensa forskingsfelt og analysere relevansen av forskingsresultat som førebuing til eige masterarbeid
- kan gjennomføre eit systematisk og kvalifisert arbeid som grunnlag for eige masterarbeid
- kan vurdere og analysere aktuelle forskingsetiske problem og utfordringar i samband med kunstfagdidaktisk og formidlingsmessig arbeid
- kan reflektere over forskingsfunn med tanke på noverande eller framtidig profesjonsutøving innan kunstfaga
Generell kompetanse
Studenten
- viser analytisk og kritisk tenking i samband med planlegging av eige forskingsprosjekt
- kan systematisk kategorisere og vurdere relevans, innhald og argumentasjon i akademiske tekstar og knyte desse til eige forskingsprosjekt
- kan kritisk vurdere og undersøke ein sjølvvald forskingskontekst med relevans med relevans for eige masterarbeid
Krav til forkunnskapar
Bestått eksamen i fellesemne 1 og 2 samt studieretningsemne 1 og 2, er ein føresetnad for å få gå opp til eksamen i emne MKUF505
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil vera samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom forelesingar, litteraturstudiar, rettleiing, gruppearbeid, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Innlevering og godkjenning av skriftleg prosjektskisse
- Eit arbeid knytt til sjølvvald forskingskontekst
- Gjennomføring av oppgåver som førebuing til samlingar og framlegging av arbeid på samlingar og nettmøte
- Obligatorisk deltaking på mastersamlingar i emnet
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg melding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte frister, men seinast tre veker før eksamensperioden starter.
Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart.
Vurderingsform
Munnleg presentasjon av prosjektskisse.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel