MPUV501A Spesialpedagogikk 1 - Generelle lærevanskar
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje avansert og inngåande kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk utviklingsarbeid med fokus på læringsstøtte og didaktikk. Emnet vektlegg ulike forskings- og teoriperspektiv innan spesialpedagogisk arbeid med hovudvekt på utfordringar med språk, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar. Det vert og lagt vekt på vurdering, utvikling og bruk av læringsstøtte og forebyggande tiltak med utgangspunkt i ein fagleg kontekst.
Dette emnet omfattar utvikling og bruk av spesialpedagogikk og utviklingsstøtte i ein samfunnsmessig kontekst, med eit livsløpsperspektiv. Tema som folkehelse og livsmeistring, samt utvikling av yrkesetisk refleksjon og profesjonsfagleg læringsstøtte inngår i emnet.
I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:
- refleksjon og vurdering ved tilrettelegging for god individuell og sosial utvikling
- teoretisk og didaktisk perspektiv på generelle og spesifikke utfordringar med språk
- lese- og skriveutvikling i eit forskingsmessig og didaktisk perspektiv
- språkforstyrrelser i eit utviklingsperspektiv
- utviklingsmessige matematikkvanskar - årsaker, former og forskingsbaserte tiltak
- prinsipp for kartlegging og læringsstøtte i eit teoretisk og didaktisk perspektiv
- folkehelse og livsmeistring i eit livsløpsperspektiv
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Har inngåande kunnskap om spesialpedagogisk arbeid med generelle og spesifikke lærevanskar og læringsstøtte som profesjonsfag og forskingsfelt på individ-, gruppeog systemnivå
- Har inngåande kunnskap om generelle lærevanskar
- Har inngåande forståing for risikofaktorar og førebygging av desse
- Har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innanfor feltet generelle lærevanskar og kan nytte desse i eigen yrkesutøving
Ferdigheiter
Studenten
- Kan kartlegge, igangsette og prioritere relevante tiltak for generell lærevanskar i ein opplæringssetting
- Kan sette i verk forebyggande tiltak
- Kan analysere og reflektere over læraren si rolle
- Kan kritisk vurdere og reflektere over ulike pedagogiske støttetiltak
- Kan vurdere og bruke læringsressursar i ein fagleg kontekst, med utgangspunkt i forskingsresultat og relevante læringsteoriar
- Kan utvikle og vidareutvikle læringsressursar
- Kan bruke læringsressursar knytt til folkehelse og livsmeistring
Generell kompetanse
Studenten
- Kan oppdatere eigen praksis og faglege innsikt med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap
- Kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar knytt til spesialpedagogiske utfordringar
- Kan arbeide med kvalitetsutvikling av ulike læringsressursar
- Kan vurdere mogelegheiter og utfordringar ved bruk av individuell læringsstøtte
- Kan kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar med elevar, foreldre og profesjonelle
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Opptakskrav er fullført bachelor og minimum 90 studiepoeng i pedagogikk eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er lagt opp med inntil 2 fysiske samlingar, samt nettmøte mellom. Sentrale læringsformer vil vere førelesingar, gruppearbeid, individuell rettleiing og innlevering av skriftleg arbeid.
Studiet krev at student kan arbeide sjølvstendig med å tileigne seg lærestoff.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har 3 obligatoriske læringsaktivitetar:
1. Gjennomgang av ein (1) forskingsartikkel
2. Praksisbasert oppgåve student kan relatere til eigne erfaringar.
3. Praksisbasert oppgåve student kan relatere til eigne erfaringar.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane skal vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
Skriftleg oppgåve med justerande munneg eksamen.
Omfang 4000-5000 ord i brødtekst (+/- 10 %)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillatt.
Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel. Det er tillate å nytte den skriftlege oppgåva på munnleg.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SSB801 - Språkutvikling og språklæring i barnehagen - Reduksjon: 15 studiepoeng