Hopp til innhald

PPUA306 Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er skulen i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Lærestoffet omfattar difor samarbeid med foreldre, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre instansar utanfor skulen. I tillegg kjem tema knytt til skuleutvikling og lærarar si kontinuerlege utvikling av eigen kompetanse.

Følgjande tematikk er felles for alle studiestadane

  • Barn og unge i utsette livssituasjonar
  • Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet
  • Berekraftig utvikling
  • Skuleutvikling og kompetanseutvikling
  • Samiske forhold og samiske elevar sine rettar
  • Organiseringsformer og læringsrom i og utanfor skulen

Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fagdidaktikk, pedagogikk, og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei utforskande tilnærming til læring. Det føreset ei forankring i forsking og fagleg, pedagogisk utviklingsarbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
  • har kunnskap om korleis utvikle profesjonsfellesskap i skulen som organisasjon
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjoner, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan samhandle i eit profesjonsfellesskap
  • kan identifisere og tilrettelegge for barn og unge som har særskilte behov, og kunne etablere tverrprofesjonelt samarbeid til barnet sitt beste.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det er ikkje mogeleg å lytte seg til å bli ein god lærar. Studiet gjer difor bruk av ei rekke studentaktive lærings- og arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert teke i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med. Undervisnings- og læringsformer er mellom anna førelesingar, ulike former for gruppearbeid med presentasjoner, erfaringsdeling, prosessorientert oppgåveskriving og rettleiing.Det lagt opp til studentarbeid mellom samlingane.

Emnet følger intensjonen i dei nasjonale retningslinene når det gjeld undervisning.

Studentane vert inviterte til ei vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.

Det er obligatorisk oppmøte på læringsaktivitetar i studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføra og bestå tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. Undervisninga inneheld i hovudsak studentaktive læringsformer, og fordrar til obligatorisk deltaking i undervisninga jf forskrifta ved HVL § 8-4 ledd 3.

  • Profesjonsutvikling. Skriftleg oppgåve.
  • Samarbeid med interne/eksterne aktørar. Studentaktiv arbeidsform.
  • Fagdidaktisk tema. Skriftleg individuell oppgåve.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å få gå opp til eksamen. Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert presiserte nærare frå studiestaden.

Vurderingsform

  • Del 1: Individuell skriftleg semesteroppgåve. 4500 ord +-10%. Karakteren tel 50% av endeleg karakter.
  • Del 2: Munnleg eksamen. Inntil 30 minutt. På munnleg eksamen kan studenten få spørsmål frå både emne PPUA305 og PPUA306. Karakteren tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att åleine.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel