Hopp til innhald

RE6-2006 Praksis i ei reiselivsbedrift

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis skal legge til rette for at studenten skal få innsikt i og kunnskap om det daglege arbeidet i reiselivsverksemder. Gjennom autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og rettleiing skal studentane tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet tilknytta reiseliv. Emnet skal bidra til at studentane får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semestra og eventuelle sentrale problemstillingar i bransjen.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal

  • Ha brei kunnskap om sentrale problemstillingar, tema, teoriar, metodar og verktøy innan drift av reiselivsbedrifter
  • Tileigne seg kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innan generell drift av reiselivsbedrifter.
  • Tileigne seg kunnskap om historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til praksis.
  • Tileigne seg kunnskap om bruk av teori og metode gjennom praktisk anvendelse i ei bedrift.
  • Tileigne seg kunnskap kring praktisk drift av ei reiselivsbedrift eller reiselivsorganisasjon
  • Tileigne seg kunnskap om samanhengen mellom forskjellige fag i studiet og korleis desse vert brukt i ei bedrift
  • innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i bruk

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • Bruke fagleg kunnskap og teori på praktiske problemstillingar og løyse desse på best mogleg måte
  • Reflektere over eigen fagleg gjennomføring og justere denne i høve rettleiing.
  • Finne, vurderer og vise til informasjon og fagstoff som tek opp og løyser problemstillingar innan generell drift av ei reiselivsbedrift.
  • Beherske relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan drift av ei reiselivsbedrift
  • Vere i stand til å utføre arbeidsoppgåver innan det valte praksisområdet

Generell kompetanse:

Studenten har:

  • innsikt i krav og retningslinjer i arbeidslivet
  • evne til å stille faglege spørsmål som kan bidra til vidareutvikling av bedrifta
  • evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utanfor verksemda
  • sett nytten av og blitt inspirert til å halde seg fagleg oppdatert
  • evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
  • innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Reiselivskunnskap

Service og vertskap

Temabasert reiseliv & storytelling

Undervisnings- og læringsformer

I praksisperioden skal studenten delta aktivt med avtalte arbeidsoppgåver, samarbeide med praksisrettleiar og andre i verksemda og halde kontakt med fagleg rettleiar i institusjonen. Studenten skal gjennom praksisperioden legge grunnlag for utarbeiding av praksisrapport gjennom notat/logg/dokument frå bedrift. Studenten må sette seg inn i relevant litteratur og nytte dette i praksisperioden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav:

1: Deltaking på bransjeseminar og serviceseminar i vårsemesteret før praksis

2: Praksis i bedrift/organisasjon.

- Omfang om lag 150 timar som tilsvarer 1 månad vanlig arbeidstid.

- Praksisen utgjer 4 fulle arbeidsveker (37,5 t per veke) og verksemda må stadfesta at studenten har fullført praksisen.

3: Munnleg presentasjon av erfaringar fra praksis

Vurderingsform

Mappe med to element:

a) Innlevering av fyrste del av rapport (forventingar, litteratur)

b) Innlevering av andre del av rapport

Vurderingsuttrykk: bestått/ikkje bestått
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel