Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203170
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere engelsk?
Engelsk er eit verdsspråk, og gjennom å studere engelsk får du innsikt i språk, litteratur, historie og samfunnstilhøve i den engelsktalande verda, betrar dine eigne språkferdigheiter og tileignar deg god tekstkompetanse. Dette er sentrale ferdigheiter i mange yrke og studiar. Studiet gir kunnskap om litteratur og andre kulturuttrykk, historie og samfunnstilhøve og munnleg og skriftleg språkkunnskap.
Du lærer:
- Engelsk grammatikk, fonetikk og språkhistorie
- Å lese og analysere litterære tekstar og andre kulturutrykk ved å bruke kunnskap om sjangrar, litterære verkemiddel og andre meiningsuttrykk, og historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking
- Å nytte engelsk munnleg og skriftleg tilpassa tema, kontekst og mottakar
Engelsk årsstudium passar godt som vidareutdanning for lærarar, og som inngang til eller tillegg til andre studiar. Engelsk årsstudium kan inngå som studiepoeng i andre utdanningar, og dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk.
Kva kan du jobbe med?
Å få fagkompetanse innan engelsk vil vera nyttig for arbeid innan undervisning, litteratur- og kulturformidling, språk og tekstarbeid, informasjonsarbeid, reiseliv, offentleg forvaltning, næringsliv og internasjonalt arbeid og studiar. Eit årsstudium i engelsk passar godt saman med andre utdanningar, som samfunnsfag, kulturfag, språkfag eller pedagogiske fag.
Korleis er undervisninga i engelsk årsstudium lagt opp?
Engelsk årstudium er eit heildigitalt studium, som består av fire emner. Kvart emne er 15 studiepoeng, og det vil bli gjennomført to emner i haustsemesteret og to emner i vårsemesteret.
ENG501: Introduksjon til engelsk lingvistikk
ENG601: Introduksjon til engelskspråklig litteratur, historie og kultur
ENG701: Introduksjon til engelsk lingvistikk 2
ENG801: Engelskspråklig litteratur, historie og kultur 2
Engelsk er både målspråket og undervisningsspråket, og alle læringsaktivitetar er på engelsk.
Oppmøte
Nye studentar i 2024/25 er velkommen til digitalt informasjonsmøte torsdag 15. august.
Dei fire emna i studiet er heldigitale. Dette gjeld også obligatorisk læringsaktivitet og eksamen. Det betyr at det ikkje er fysisk oppmøte på campus.
Kvart emne består av fire ulike modular, og kvar modul har omtrent fire undervisningsøkter. Den siste undervisningsøkta for kvar modul blir slått saman til ein digital førelesing og møte. Der har studentane mogelegheit til å samhandle med kvarandre og få tilbakemeldingar frå faglærar.
Dette betyr at studentane må delta på fire undervisningsøkter per emne, til saman 16. Dei synkrone undervisningsøktene blir gjennomførte på dagtid. Alle dei andre undervisningsøktene er asynkrone, som vil seia at studenten kan gjennomføre dette i eige tempo, innan tidsavgrensinga for kvar modul.
Kvart emne varer i omlag 8 veker, der kvar av dei fire modulane då varer i omtrent i 2 veker.
Eksamen og vurdering
Evalueringa er sett saman av obligatoriske læringsaktivitetar som blir gjennomført av studentane undervegs i emnet, og inngår i ei læringsmappe.
Vurderinga av læringsmappa vil vere godkjent/ikkje godkjent. Avsluttande eksamen varierer etter emnet. Til dømes er det for ENG501, ein munnleg eksamen. Sidan kurset er heilt nettbasert, er det ingen eksamen på campus.
Dette studiet er nettbasert og ikkje ein MOOC (Massive Open Online Course). I tillegg til den asynkrone undervisninga og læringsarbeidet kvar student kan gjennomføre etter eige tempo, vil det bli gjennomført synkron undervisning med interaksjon med medstudenter og faglærarar. Det vil vere undervisningstidspunkt å halde seg til, og det vil vere fastsette fristar i samband med obligatoriske læringsaktivitetar, og eksamen å halde seg til.
Med atterhald om at endringar i organiseringa av studiet kan skje.
Les meir om undervisingsmåtar, arbeidskrav og vurderingsformer i emneplanane.