Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ergoterapi

Hausten 2022

Ein ergoterapeut skal fremme helse og livskvalitet gjennom aktivitet og deltaking, ved å bidra til at menneske meistrar sine daglege gjeremål. Dette krever ein personsentrert og ressursfokusert tilnærming, og kompetanse i aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk bruk av aktivitet, trening, rettleiing og tilrettelegging av omgjevnader. Ergoterapeutar har aktivitetskompetanse, og forstår aktivitet som meiningsfulle gjeremål som personar engasjerar seg i. Nokre aktivitetar er personlege, som morgonstell, påkleding og matlaging. Andre aktivitetar er knytta til utvikling, sosialt samver og engasjement, som leik, fritids- og kulturaktivitetar. Aktivitetar kan og vere knytta til produktivitet og samfunnsnytte, som utdanning, arbeid og frivillig arbeid.

Skade, sjukdom eller andre utfordringar kan føre til vanskar med meistring av daglege aktivitetar og deltaking på ulike arenaer, som heim, skule, arbeid og fritid. Ergoterapistudiet skal sikre at kandidatane har ferdigheiter til å vurdere, tilpasse og bruke meiningsfull aktivitet i intervensjonar for personar i alle aldersgrupper, livsfasar og på ulike arenaer. Kandidatane skal ha kunnskap om og ferdigheiter til å kunne gradere og tilpasse aktivitetar for personar eller grupper, for å bidra til utvikling eller vedlikehald av ferdigheiter, aktivitetsvanar og aktivitetsroller.

Omgjevnader, mellom anna fysiske, materielle, sosiale, kulturelle og digitale, kan vere fremmande eller hemmande for aktivitetsutføring, deltaking og inkludering i samfunnet. Ergoterapistudiet skal bidra til at kandidatane kan forstå omgjevnadene sin betyding for aktivitetsutføring, og ha kompetanse til å kunne endre eller tilpasse omgjevnader. Dette inkluderer mellom anna universell utforming, som skal betre tilgjengeligheit og muliggjere aktivitet og deltaking for alle, og individuell tilrettelegging av fysiske omgjevnader som bolig, arbeidsplass og skule.

Ergoterapeututdanninga skal sikre at kandidatane har kunnskap om personar sine forutsetningar for aktivitetsutføring, og kan gjennomføre funksjonsvuderingar og aktivitetsanalyser. Kandidatane skal derfor ha kunnskap og ferdigheiter knytta til anatomi, fysiologi, psykologi, sjukdomslære, kommunikasjon, rettleiing og relasjonsbygging.

Kunnskap om det dynamiske samspelet mellom person, aktivitet og omgjevnader bidrar til at ergoterapeutar kan vurdere korleis og når det er person, aktivitet eller omgjevnader som hindrer inkludering og deltaking. Samfunnsutviklinga bidrar til meir bruk av velferdsteknologi, digitalisering og innovative tenester. Utdanninga skal derfor bidra til at kandidatane har kunnskap og ferdigheiter om slike intervensjonar, og om ulike formar for trening/rehabilitering og kompenserande tiltak.

I ergoterapistudiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) får kandidatane trening i praktiske ferdigheiter ved bruk av simuleringssenteret SimArena, bruk av ferdigheiter i ulike kontekstar og i praksisstudiar. Utdanninga bruker mellom anna simuleringslaber som sanserom og ortoselab. Utdanninga legger vekt på å integrera teoretisk og praktisk kunnskap, og på trening i kritisk refleksjon over eigen profesjon, profesjonsutøving og tverrprofesjonell samhandling, for å sikre utvikling av kandidatane sin profesjonsidentitet.

Ved endt utdanning skal kandidatane vere i stand til å arbeide på individ-, gruppe- og samfunnsnivå, og innan ulike sektorer og tenestenivå, for å fremme folkehelse og bidra til eit berekraftig samfunn. Eksempel på arbeidsområder kan vere allmennhelse, arbeidshelse, folkehelse/helsefremmande arbeid, somatisk helse og psykisk helse, knytta til barn, ungdom, vaksne og eldre. Utdanninga skal sikre at kandidatane har eit breitt fagleg fundament og kompetanse i å utøve kunnskapsbasert ergoterapi. Kandidatane skal ved endt utdanning kunne bidra til å utvikle ergoterapi som fagfelt, gjennom kunnskap, ferdigheiter, samhandlingskompetanse og eit innovasjonsperspektiv. Studiet skal sikre at kandidatane er ansvarsbevisste, reflekterte og fagleg kompetente, med haldningar og verkty som dannar grunnlag for at alle grupper i samfunnet får likeverdige helsetenester. Utdanninga skal vere kunnskapsbasert, profesjonsretta, praksisnær og i tråd med samfunnsmessig, vitenskapeleg og teknologisk utvikling.

Skikkavurdering

Det er krav til skikkahet for yrket. Løpande skikkavurdering foregår gjennom heile studiet og inngår i ein heilhetleg vurdering av studenten sin faglege og personlege forutsetning for å kunne fungere som ergoterapeut jf. § 4.Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om Skikkavurdering

Autorisasjon

Etter fullført utdanning og mottatt vitnemål vil dei kandidatane som er omfatta av autorisasjonsordninga få tildelt autorisasjon jf. § 48. i Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).

Studieplanen for Bachelorstudiet i ergoterapi bygger på Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane, og Forskrift om nasjonal retningslinje for ergoterapiutdanning.

Bachelorprogrammet ved HVL er eit fulltidsstudium, og gir 180 studiepoeng over 3 år.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Læringsutbytter som er markert med stjerne betyr at læringsutbytter er knytta til Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane.

Kunnskap:
Kandidaten…

har brei kunnskap om aktivitetsanalyse og sentrale aktivitetsteoriar og -modellar i ergoterapi, og om betydinga av aktivitet for personar sin deltaking, helse og livskvalitet

*har brei kunnskap om ergoterapeutiske arbeidsprosessar og -metodar som fremmer aktivitet og deltaking, irekna kunnskap om relevant lovverk, brukarmedvirking, kommunikasjon, etikk og relasjonsbygging

har kunnskap om korleis overgangsfasar i livet har betyding for meistring, aktivitet og deltaking, og brei kunnskap om ergoterapeutar sin tilnærming innan rehabilitering, habilitering og palliasjon

har brei kunnskap om bomiljø, universell utforming, ergonomi og tilrettelegging av omgjevnader, irekna arbeidsplass, og om korleis tilrettelegging, teknologi og hjelpemiddel kan fremme personar sin aktivitet, deltaking og helse

*har kunnskap om rettigheiter, helsepolitikk, folkehelse, helsefremmande og forebyggande arbeid, og om korleis sosiale og helsemessige problem har konsekvensar for aktivitetsdeltaking, for å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet

*har kunnskap om forskningsprosessen, forskningsetikk, vitskapsteori og kunnskapsbasert praksis som metode, og korleis slik kunnskap, innovasjon og prosjektarbeid har betyding for kunnskapsutvikling i ergoterapi

Ferdigheiter:
Kandidaten…

kan beherske aktivitetsanalyse og ergoterapeutiske arbeidsprosessar, og bruke fagleg kunnskap og aktivitetar metodisk for å halde vedlike eller fremme aktivitetsutføring, ferdigheiter, vanar og rollar

*kan identifisere, reflektere over og bruke terapeutisk og etisk kompetanse, og forhalde seg til relevant lovverk, i møte med brukarar, pasientar, pårørande og relevant personell, for å fremme aktivitet og deltaking

*kan bruke fagleg kunnskap om meiningsfull aktivitet i terapeutisk samhandling med personar i alle livsfasar som gjennomgår habilitering, rehabilitering, behandling og palliasjon, inkludert personar og pårørande sin erfaringskompetanse

*kan bruke fagleg kunnskap om utforming av omgjevnader, bomiljø, ergonomi og tilrettelegging av arbeidsplass, samt digital kompetanse og egna teknologi på individ og samfunnsnivå, for å fremme sjølvstende, helse og livskvalitet

*kan reflektere over betydinga av sosioøkonomisk status for helse, og bruke fagleg kunnskap om fysiske, psykososiale, strukturelle, digitale, kulturelle og haldningsmessige forhold for å fremme inkludering og deltaking, og bidra til utvikling av god folkehelse og arbeidsinkludering

*kan finne og vurdere vitskapeleg litteratur som er relevant for profesjonsutøvinga, og bruke ny fagleg kunnskap og foreta faglege vurderingar, avgjersle og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis

Generell kompetanse:
Kandidaten….

kan planlegge og tilrettelegge for at personar med funksjonsnedsetting kan delta i meiningsfulle og verdsatte aktivitetar

* kan reflektere over faglege og helse- og sosialpolitiske spørsmål, følge ergoterapeutane sine yrkesetiske retningslinjer, samt formidle og dokumentere ergoterapeutisk profesjonsutøving

*kan planlegge og gjennomføre tenester som sikrar personar sin medvirking og rettigheter, samt samhandle tverrfagleg, tverrprofesjonelt, tverrsektorielt og på tvers av verksemder og nivå

kan reflektere over konsekvensar av digitalisering, og samarbeide med andre om utvikling og bruk av velferdsteknologi

kan planlegge og gjennomføre samarbeid med relevante aktørar, inkludert frivillige og organisasjonar, og bidra til utvikling av god praksis ved å sikre likeverdige tenester som fremmer inkludering, deltaking og tilhørighet

*kan planlegge og gjennomføre ergoterapifaglige utviklingsprosjekter, og bidra til tenesteinnovasjon og systematiske og kvalitetsforbedrande arbeidsprosessar

Innhald

I tråd med nasjonal retningslinje for ergoterapeututdanning, baserar studiet seg på 6 kompetanseområde. Utdanninga tilrettelegger for at kandidatane tilegner seg kompetanse innan desse kompetanseområda:

1. Aktivitet og deltaking i kvardagslivet

2. Ergoterapeutisk profesjonsutøving

3. Rehabilitering, habilitering og behandling

4. Tilgjengelegheit, teknologi og tilrettelegging

5. Inkludering, deltaking og tilhørighet

6. Innovasjon, fagutvikling og leiing

Kompetanseområda inngår i studiet sine 14 emner som fordeler seg på seks semester. Emnet Danning og akademisk handlag, er felles for alle bachelorutdanningane ved HVL og er plassert i første semester. Bachelorstudentane ved Institutt for helse- og funksjon har felles undervising i dette emnet.

Emnene bygger på kvarandre og det blir gradvis stilt høgare krav til studentane sin kompetanse, sjølvstende og evne til refleksjon over eigen faglegheit.

Emnet som utgjer mobilitetsvinduage er plassert i fjerde semester. Her blir det lagt til rette for at studentar kan reise på utveksling og for at innreisande studentar kan ta praksis og/eller teoriemne ved ergoterapeututdanninga, HVL.

Kvart studieår inneheld både teoretiske og praktiske studie. Praksisstudier utgjer samla 31 veker av studie, fordelt over tre år.

Første studieår
Fokus for første studieår er på ergoterapiteori, relevante begrep innan ergoterapi, arbeidsprosessar og aktivitetsanalyse. Forståing av aktivitetsbegrepet og av samspielet mellom person, aktivitet og omgjevnader, og dette samspelet si betyding for aktivitetsatferd, blir vektlagt dette studieåret. Aktiviteter sin betyding for helse, omgjevnadene sin betyding for aktivitet, samt ergoterapien sin historie og utvikling inngår og. Fokuset er først på individnivå og normalutvikling, deretter på barn, ungdom og vaksne med utviklingshemming. Kunnskap om anatomi og fysiologi blir integrert med ergoterapikunnskap. Første praksisperiode blir gjennomført dette studieåret, kor studentane blir veileda av ergoterapeutar (gjelder alle tre praksisperioder). Kommunikasjonsferdigheiter knytta til mellom anna kartlegging og undersøking av brukarar inngår i teoriemner og i praksisemnet.

Andre studieår
Andre studieår går meir inn på kunnskap og praktiske ferdigheiter knytta til undersøking og intervensjonar for personar med ulike aktivitetsutfordringar, både på individ- og gruppenivå. Habilitering, rehabilitering, behandling og palliative tiltak er sentralt, i tillegg til kunnskap og ferdigheiter om gruppedynamikk, gruppeleiing i ergoterapi, kommunikasjon og rettleiing. Vidare vil praktiske ferdigheiter knytta til bolig- og arbeidsplassvurdering og intervensjonar bli vektlagt, samt vurdering av håndfunksjon og intervensjonar knytta til håndskader. Andre praksisperiode blir gjennomført.

Tredje studieår
I det tredje studieåret blir kunnskap om ergoterapi i eit samfunnsperspektiv, helsefremmande arbeid, kunnskapsutvikling i ergoterapi og innovasjon vektlagt. Her inngår ferdigheiter i å kunne ta begrunna valg, i tillegg til kunnskap om forskningsetikk, vitskapsteori og vitskapelege forskningsmetodar. Studentane skal jobbe metodisk og systematisk med planlegging og gjennomføring av eit innovasjonsprosjekt. Kunnskap om velferdsteknologi, universell utforming og digitalisering blir og vektlagt. Tredje praksisperiode blir gjennomført, kor studenten skal arbeide sjølvstendig under rettleiing av ergoterapeut. Tverrprofesjonelt samarbeid i form av TVEPS inngår som del av praksisemnet. I dette studieåret får studenten djupare kunnskap og ferdigheiter knytta til kommunikasjon og relasjonsbygging med pasientar/brukarar, pårørande, og andre profesjonar. I bacheloremnet skal studentane under rettleiing utvikle prosjektplan og gjennomføre eit bachelorprosjekt med ergoterapifagleg relevans.

Emneplanane gir ein meir detaljert beskriving av læringsutbytte, innhald, obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsform for emna.

Det elektroniske læringsstøttesystemet og pedagogiske verktyet som blir brukt, er Canvas.

Praksis

Praksisstudier er dei delane av studiet som foregår i autentiske yrkessituasjonar. Praksisstudier utgjer 46,5 studiepoeng og er fordelt på 31 veker i løpet av studiet.

Studentane skal i praksisperiodane ha kontinuerlig rettleiing av ergoterapeut som har relevant fagkunnskap. Det er ønskeleg at praksisveiledar har formell rettleiarkompetanse.

Praksisstudiene blir i hovedsak gjennomført i Vestland fylke og deler av Agderfylka. Studentane må rekne med å gjennomføre praksisperiodar utanfor Bergensregionen. Høgskulen skaffar praksisplasser. Studentar kan søke om tilrettelegging av praksis i tråd med Forskrift for studium og eksamen ved HVL Sjå kapittel 7-6 Tilrettelegging av praksis.

Studentane må sjølv skaffe hybel og dekke utgifter til reise i praksisperiodane. Deler av utgiftene blir dekka etter gjeldende reglement.

Praksisstudiene er obligatoriske og det blir stilt krav om 90 % nærvær. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikes pga sjukdom. Jmf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Arbeidsformer

Utdanninga legger vekt på å tilby undervising basert på det fremste innan forskning, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Det blir kontinuerleg jobba med å utvikle digitale læringsressurser og ulike studentaktive læringsformer i alle emna i utdanninga. I tillegg blir teknologi nytta i enkelte emner. Vidare brukes undervisings- og arbeidsformer som forelesingar, seminar, gruppearbeid, workshop, simulering, rettleiing, framlegg med mer. Praksis inngår som ein arbeidsform. Arbeids- og undervisingsformene som blir brukt skal stimulere studentane til eigenaktivitet og samarbeid, og bidra til å integrere teori og praksis.

Rettleia ferdigheitstrening blir gjennomført i høgskulen sine lokaler ved SimArena, som er eit moderne og velutstyrt simuleringssenter for ferdigheitstrening, rettleiing, refleksjon, simulering og forskning. SimArena har ein sentral plass i alle tre studieåra for å sikre klinisk handlingskompetanse og personlege og praktiske ferdigheiter.

Ved utdanninga blir læringssituasjonar (LS) brukt både i ferdigheitstrening, simulering og i praksisstudier. Dette er ein pedagogisk metode kor konkrete læringsmål blir utvikla, med ein steg-for-steg-beskriving av korleis ein situasjon/oppgåve skal bli gjennomført. Beskrivinga skal fungere som ein rettleiar for både studentar og lærar/praksisrettleiar. Den strukturerte metoden skal bidra til at studentane forbereder ein situasjon, gjennomfører den og deretter reflektere over situasjonen og eigen tilnærming for å oppnå læringsmåla. Læringssituasjonar er laga for å legge til rette for læring, sette tempo for tileigning av praktiske ferdigheiter, klinisk resonnering og utvikling av profesjonell åtferd.

Utdanninga fremmar studentane sin læringsprosess gjennom deltaking, eigenaktivitet, samarbeid, problemløysing, praksisforberedelser og i praksis. Utdanninga stiller krav til sjølvstende i teoretisk og praktisk arbeid. Valg av arbeidsform er tilpassa formålet til dei ulike delane av studiet og skal forberede studentane på krava i praksisfeltet.

Studentane skal lære å skrive tekstar innan ulike sjangrar. Dei skal gjennom skriftlege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, samt strukturering og formidling av kunnskap. Undervisings- og læringsformer vil variere i dei ulike emna, og er nærmare beskrive i den enkelte emneplanen.

Skriftlege oppgåver blir levert i Canvas. Oppgåvene blir kontrollert for plagiering.

Vurderingsformer

Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og fremgår av emneplanane. Vurderingsformene skal sikre at studenten har tileigna seg nødvendige kvalifikasjonar for yrkesutøvinga og vise at studenten gjennom studiet holder eit tilfredsstillande fagleg nivå. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før studentane får framstille seg til eksamen i emnet eller gå ut i praksis jfr. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Vurderingsformene som blir brukt i studiet, er skrifleg heimeeksamen (både individuell og i gruppe), heimeoppgåve, munnleg eksamen (både individuell og i gruppe) og praksisstudier.

Vurderingsuttrykk som blir brukt er bestått/ikkje bestått eller gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått. Praksisstudier blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Krav til studieprogresjon

For å sikre oppnåing av læringsutbytte på ulike nivå i studieløpet, blir det stilt krav til studieprogresjon.

Studenten må ha bestått ein praksisperiode for å kunne framstille seg for neste praksisperiode. Alle emner frå første semester må vere bestått før studenten kan starte i andre studieår. Alle emner frå andre semester må vere bestått før studenten kan starte i fjerde semester. Alle emner frå tredje og fjerde semester må vere bestått før studenten kan starte i tredje studieår.

Tidligare erverva kunnskaper og bruk av desse vil bli etterspurt i påfølgande emner.

Studenten som ikkje fyller krav til progresjon, blir flytta ned eit kull, og får justert utdanningsplanen for å innhente manglande progresjon. Ved overgang til nytt kull vil studieplan for det nye kullet vere gjeldande.

Internasjonalisering

Studentutveksling er lagt til fjerde semester, både i praksis- og teoretisk emne, samt praksisemnet i femte semester. Studentar som ønsker utveksling til Tanzania, må gjennomføre dette i praksisemnet i femte semester.

Under er ein kort beskriving av utvekslingsmoglegheitene. Studentar kan gjennomføre andre eller tredje praksisperiode gjennom følgande avtalar:

Belgia | VIVES University College Belgia | Arteveldehogeschool Danmark | University College Copenhagen Danmark | VIA University College Finland | ARCADA Polytechnic Litauen | Lithuanian University of Health Sciences Sverige | Linköping University Tanzania | Kilimanjaro Christian Medical Centre

Utdanninga har dialog med VIA University College i Aarhus, Danmark, vedrørande moglegheit for å gjennomføre utveksling heile fjerde semester (både praksis og teoriemne).

Førehandsgodkjenning av emner og innhald i praksis skal sikre at utdanninga kan få innpass i det ordinære studieløpet.