Studieplan - Bachelor i ergoterapi
Hausten 2023
Ergoterapeutar skal fremme helse og livskvalitet gjennom aktivitet og deltaking, ved å bidra til at menneske meistrar sine daglege gjeremål. Dette krev ein personsentrert og ressursfokusert tilnærming, og kompetanse i aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk bruk av aktivitet, trening, rettleiing og tilrettelegging av omgjevnader. Ergoterapeutar har aktivitetskompetanse, og forstår aktivitet som meiningsfulle gjeremål som personar engasjerer seg i. Nokre aktivitetar er personlege, som morgonstell, påkleding og matlaging. Andre aktivitetar er knytt til utvikling, sosialt samver og engasjement, som leik, fritids- og kulturaktivitetar. Aktivitetar kan og vere knytt til produktivitet og samfunnsnytte, som utdanning, arbeid og frivillig arbeid.
Skade, sjukdom eller andre utfordringar kan føre til vanskar med meistring av daglege aktivitetar og deltaking på ulike arenaer, som heim, skule, arbeid og fritid. Ergoterapistudiet skal sikre at kandidatane har ferdigheiter til å vurdere, tilpasse og bruke meiningsfull aktivitet i intervensjonar for personar i alle aldersgrupper, livsfasar og på ulike arenaer. Kandidatane skal ha kunnskap om og ferdigheiter til å kunne gradere og tilpasse aktivitetar for personar eller grupper, for å bidra til utvikling eller vedlikehald av ferdigheiter, aktivitetsvanar og aktivitetsroller.
Omgjevnader, mellom anna fysiske, materielle, sosiale, kulturelle og digitale, kan vere fremmande eller hemmande for aktivitetsutføring, deltaking og inkludering i samfunnet. Ergoterapistudiet skal bidra til at kandidatane kan forstå omgjevnadene sin betyding for aktivitetsutføring, og ha kompetanse til å kunne endre eller tilpasse omgjevnader. Dette inkluderer mellom anna universell utforming, som skal betre tilgjengelegheit og mogleggjere aktivitet og deltaking for alle, og individuell tilrettelegging av fysiske omgjevnader som bustad, arbeidsplass og skule.
Ergoterapeututdanninga skal sikre at kandidatane har kunnskap om personar sine forutsetningar for aktivitetsutføring, og kan gjennomføre funksjonsvuderingar og aktivitetsanalyser. Kandidatane skal derfor ha kunnskap og ferdigheiter knytt til mellom anna anatomi, fysiologi, psykologi, sjukdomslære, kommunikasjon, rettleiing og relasjonsbygging.
Kunnskap om det dynamiske samspelet mellom person, aktivitet og omgjevnader bidrar til at ergoterapeutar kan vurdere korleis og når det er person, aktivitet eller omgjevnader som hindrar inkludering og deltaking. Samfunnsutviklinga bidrar til meir bruk av velferdsteknologi, digitalisering og innovative tenester. Utdanninga skal derfor bidra til at kandidatane har kunnskap og ferdigheiter om slike intervensjonar, og om ulike formar for trening/rehabilitering og kompenserande tiltak.
I ergoterapistudiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) får kandidatane trening i praktiske ferdigheiter ved bruk av simuleringssenteret SimArena, bruk av ferdigheiter i ulike kontekstar og i praksisstudiar. Utdanninga bruker mellom anna simuleringslaber som sanserom og ortoselab. Utdanninga legger vekt på å integrera teoretisk og praktisk kunnskap, og på trening i kritisk refleksjon over eigen profesjon, profesjonsutøving og tverrprofesjonell samhandling, for å sikre utvikling av kandidatane sin profesjonsidentitet.
Ved fullført utdanning skal kandidatane vere i stand til å arbeide på individ-, gruppe- og samfunnsnivå, og innan ulike sektorar og tenestenivå, for å fremme folkehelse og bidra til eit berekraftig samfunn. Eksempel på arbeidsområde kan vere allmennhelse, arbeidshelse, folkehelse/helsefremmande arbeid, somatisk helse og psykisk helse, knytt til barn, ungdom, vaksne og eldre. Utdanninga skal sikre at kandidatane har eit breitt fagleg fundament og kompetanse i å utøve kunnskapsbasert ergoterapi. Kandidatane skal ved fullført utdanning kunne bidra til å utvikle ergoterapi som fagfelt, gjennom kunnskap, ferdigheiter, samhandlingskompetanse og eit innovasjonsperspektiv. Studiet skal sikre at kandidatane er ansvarsbevisste, reflekterte og fagleg kompetente, med haldningar og verktøy som dannar grunnlag for at alle grupper i samfunnet får likeverdige helsetenester. Utdanninga skal vere kunnskapsbasert, profesjonsretta, praksisnær og i tråd med samfunnsmessig, vitskapeleg og teknologisk utvikling.
Skikkavurdering
Det er krav til skikkaheit for yrket. Løypande skikkavurdering gjennomførast i heile studiet og inngår i ein heilhetleg vurdering av studenten sin faglege og personlege forutsetning for å kunne fungere som ergoterapeut jf. § 4.Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning. For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om Skikkavurdering
Autorisasjon
Etter fullført utdanning og mottatt vitnemål vil dei kandidatane som er omfatta av autorisasjonsordninga få tildelt autorisasjon jf. § 48. i Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).
Studieplanen for Bachelorstudiet i ergoterapi bygger på Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane, og Forskrift om nasjonal retningslinje for ergoterapiutdanning.
Bachelorprogrammet ved HVL er eit fulltidsstudium, og gir 180 studiepoeng over 3 år.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten…
- har brei kunnskap om aktivitetsanalyse og sentrale aktivitetsteoriar og -modellar i ergoterapi, og om betydinga av aktivitet for personar sin deltaking, helse og livskvalitet
- har brei kunnskap om ergoterapeutiske arbeidsprosessar og -metodar som fremmer aktivitet og deltaking, irekna kunnskap om relevant lovverk, brukarmedverking, kommunikasjon, etikk og relasjonsbygging
- har kunnskap om korleis overgangsfasar i livet har betyding for meistring, aktivitet og deltaking, og brei kunnskap om ergoterapeutar sin tilnærming innan rehabilitering, habilitering og palliasjon
- har brei kunnskap om bustadmiljø, universell utforming, ergonomi og tilrettelegging av omgjevnader, irekna arbeidsplass, og om korleis tilrettelegging, teknologi og hjelpemiddel kan fremme personar sin aktivitet, deltaking og helse
- har kunnskap om rettigheiter, helsepolitikk, folkehelse, helsefremmande og forebyggande arbeid, og om korleis sosiale og helsemessige problem har konsekvensar for aktivitetsdeltaking, for å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om forskingsprosessen, forskingsetikk, vitskapsteori og kunnskapsbasert praksis som metode, og korleis slik kunnskap, innovasjon og prosjektarbeid har betyding for kunnskapsutvikling i ergoterapi
Ferdigheiter:
Kandidaten…
- kan beherske aktivitetsanalyse og ergoterapeutiske arbeidsprosessar, og bruke fagleg kunnskap og aktivitetar metodisk for å halde ved like eller fremme aktivitetsutføring, ferdigheiter, vanar og rolla
- kan identifisere, reflektere over og bruke terapeutisk og etisk kompetanse, og forhalda seg til relevant lovverk, i møte med brukarar, pasientar, pårørande og relevant personell, for å fremme aktivitet og deltaking
- kan bruke fagleg kunnskap om meiningsfull aktivitet i terapeutisk samhandling med personar i alle livsfasar som gjennomgår habilitering, rehabilitering, behandling og palliasjon, inkludert personar og pårørande sin erfaringskompetanse
- kan bruke fagleg kunnskap om utforming av omgjevnader, bustad, ergonomi og tilrettelegging av arbeidsplass, samt digital kompetanse og egna teknologi på individ og samfunnsnivå, for å fremme sjølvstende, helse og livskvalitet
- kan reflektere over betydinga av sosioøkonomisk status for helse, og bruke fagleg kunnskap om fysiske, psykososiale, strukturelle, digitale, kulturelle og haldningsmessige forhold for å fremme inkludering og deltaking, og bidra til utvikling av god folkehelse og arbeidsinkludering
- kan finne og vurdere vitskapeleg litteratur som er relevant for profesjonsutøvinga, og bruke ny fagleg kunnskap og foreta faglege vurderingar, avgjersle og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis
Generell kompetanse:
Kandidaten….
- kan planlegge og legge til rette for at personar med funksjonsnedsetting kan delta i meiningsfulle og verdsette aktivitetar
- kan reflektere over faglege og helse- og sosialpolitiske spørsmål, følge ergoterapeutane sine yrkesetiske retningslinjer, og formidle og dokumentere ergoterapeutisk profesjonsutøving
- kan planlegge og gjennomføre tenester som sikrar personar sin medverking og rettigheiter, og samhandle tverrfagleg, tverrprofesjonelt, tverrsektorielt og på tvers av verksemder og nivå
- kan reflektere over konsekvensar av digitalisering, og samarbeide med andre om utvikling og bruk av velferdsteknologi
- kan planlegge og gjennomføre samarbeid med relevante aktørar, inkludert frivillige og organisasjonar, og bidra til utvikling av god praksis ved å sikre likeverdige tenester som fremmer inkludering, deltaking og tilhøyrsle
- kan planlegge og gjennomføre ergoterapifaglige utviklingsprosjekter, og bidra til tenesteinnovasjon og systematiske og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar
Innhald
I tråd med nasjonal retningslinje for ergoterapeututdanning, baserer studiet seg på 6 kompetanseområde. Utdanninga legger til rette for at kandidatane tileigner seg kompetanse innan desse kompetanseområda:
1. Aktivitet og deltaking i kvardagslivet
2. Ergoterapeutisk profesjonsutøving
3. Rehabilitering, habilitering og behandling
4. Tilgjengelegheit, teknologi og tilrettelegging
5. Inkludering, deltaking og tilhøyrsle
6. Innovasjon, fagutvikling og leiing
Kompetanseområda inngår i studiet sine 14 emne som fordeler seg på seks semester. Emnet Danning og akademisk handlag, er felles for alle bachelorutdanningane ved HVL og er plassert i første semester. Bachelorstudentane ved Institutt for helse- og funksjon har felles undervising i dette emnet.
Emna bygger på kvarandre og det blir gradvis stilt høgare krav til studentane sin kompetanse, sjølvstende og evne til refleksjon over eigen faglegheit.
Emnet som utgjer mobilitetsvindauge er plassert i fjerde semester. Her blir det lagt til rette for at studentar kan reise på utveksling og for at innreisande studentar kan ta praksis og/eller teoriemne ved ergoterapeututdanninga, HVL.
Kvart studieår inneheld både teoretiske og praktiske studie. Praksisstudia utgjer samla 31 veker av studie, fordelt over tre år.
Første studieår
Fokus for første studieår er på ergoterapiteori, relevante omgrep innan ergoterapi, arbeidsprosessar og aktivitetsanalyse. Forståing av aktivitetsomgrepet og av samspelet mellom person, aktivitet og omgjevnader, og dette samspelet si betyding for aktivitetsåtferd, blir vektlagt dette studieåret. Aktivitetar sin betyding for helse, omgjevnadene sin betyding for aktivitet, samt ergoterapien si historie og utvikling inngår og. Fokuset er først på individnivå og normalutvikling, deretter på barn, ungdom og vaksne med utviklingshemming. Kunnskap om anatomi og fysiologi blir integrert med ergoterapikunnskap. Første praksisperiode blir gjennomført dette studieåret, kor studentane blir rettleia av ergoterapeutar (gjelder alle tre praksisperiodar). Kommunikasjonsferdigheiter knytt til mellom anna kartlegging og undersøking av brukarar inngår i teoriemne og i praksisemnet.
Andre studieår
Andre studieår går meir inn på kunnskap og praktiske ferdigheiter knytt til undersøking og intervensjonar for personar med ulike aktivitetsutfordringar, både på individ- og gruppenivå. Habilitering, rehabilitering, behandling og palliative tiltak er sentralt, i tillegg til kunnskap og ferdigheiter om gruppedynamikk, gruppeleiing i ergoterapi, kommunikasjon og rettleiing. Vidare vil praktiske ferdigheiter knytt til bustad- og arbeidsplassvurdering og intervensjonar - inkludert velferdsteknologi - bli vektlagt, i tillegg til vurdering av handfunksjon og intervensjonar knytt til handskader. Andre praksisperiode blir gjennomført.
Tredje studieår
I det tredje studieåret blir kunnskap om ergoterapi i eit samfunnsperspektiv, helsefremmande arbeid, kunnskapsutvikling i ergoterapi og innovasjon vektlagt. Her inngår ferdigheiter i å kunne ta grunngjevne val, i tillegg til kunnskap om forskningsetikk, vitskapsteori og vitskapelege forskningsmetodar. Studentane skal jobbe metodisk og systematisk med planlegging og gjennomføring av eit innovasjonsprosjekt. Kunnskap om universell utforming og digitalisering blir òg belyst. Tredje praksisperiode blir gjennomført, kor studenten skal arbeide sjølvstendig under rettleiing av ergoterapeut. Tverrprofesjonelt samarbeid i form av TVEPS inngår som del av praksisemnet. I dette studieåret får studenten djupare kunnskap og ferdigheiter knytt til kommunikasjon og relasjonsbygging med pasientar/brukarar, pårørande, og andre profesjonar. I bacheloremnet skal studentane under rettleiing utvikle prosjektplan og gjennomføre eit bachelorprosjekt med ergoterapifagleg relevans.
Emneplanane gir ein meir detaljert beskriving av læringsutbytte, innhald, obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsform for emna.
Det elektroniske læringsstøttesystemet og pedagogiske verktøyet som blir brukt, er Canvas.
Praksis
Praksisstudia er dei delane av studiet som blir gjennomført i autentiske yrkessituasjonar. Praksisstudia utgjer 46,5 studiepoeng og er fordelt på 31 veker i løpet av studiet.
Studentane skal i praksisperiodane ha kontinuerleg rettleiing av ergoterapeut som har relevant fagkunnskap. Det er ønskeleg at praksisrettleiar har formell rettleiarkompetanse.
Praksisstudia blir i hovudsak gjennomført i Vestland fylke og deler av Agderfylka. Studentane må rekne med å gjennomføre praksisperiodar utanfor Bergensregionen. Høgskulen skaffar praksisplassar. Studentar kan søke om tilrettelegging av praksis i tråd med Forskrift for studium og eksamen ved HVL Sjå kapittel 7-6 Tilrettelegging av praksis.
Studentane må sjølv skaffe hybel og dekke utgifter til reise i praksisperiodane. Deler av utgiftene blir dekka etter gjeldende reglement.
Praksisstudia er obligatoriske og det blir stilt krav om 90 % nærvær. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom. Jmf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Arbeidsformer
Utdanninga legger vekt på å tilby undervising basert på det fremste innan forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Det blir kontinuerleg jobba med å utvikle digitale læringsressursar og ulike studentaktive læringsformer i alle emna i utdanninga. I tillegg blir teknologi nytta i enkelte emne. Vidare brukast undervisings- og arbeidsformer som forelesingar, seminar, gruppearbeid, workshop, simulering, rettleiing, framlegg med meir. Praksis inngår som ein arbeidsform. Arbeids- og undervisingsformene som blir brukt skal stimulere studentane til eigenaktivitet og samarbeid, og bidra til å integrere teori og praksis.
Rettleia ferdigheitstrening blir gjennomført i høgskulen sine SimArena lokale, som er eit moderne og velutstyrt simuleringssenter for ferdigheitstrening, rettleiing, refleksjon, simulering og forsking. SimArena har ein sentral plass i alle tre studieåra for å sikre klinisk handlingskompetanse og personlege og praktiske ferdigheiter.
Ved utdanninga blir læringssituasjonar (LS) brukt både i ferdigheitstrening, simulering og i praksisstudia. Dette er ein pedagogisk metode kor konkrete læringsmål blir utvikla, med ein steg-for-steg-beskriving av korleis ein situasjon/ei oppgåve skal bli gjennomført. Beskrivinga skal fungere som ein rettleiar for både studentar og lærar/praksisrettleiar. Den strukturerte metoden skal bidra til at studentane forbereder ein situasjon, gjennomfører den og deretter reflektere over situasjonen og eigen tilnærming for å oppnå læringsmåla. Læringssituasjonar er laga for å legge til rette for læring, sette tempo for tileigning av praktiske ferdigheiter, klinisk resonnering og utvikling av profesjonell åtferd.
Utdanninga fremmar studentane sin læringsprosess gjennom deltaking, eigenaktivitet, samarbeid, problemløysing, praksisførebuingar og i praksis. Utdanninga stiller krav til sjølvstende i teoretisk og praktisk arbeid. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet og skal førebu studentane på krava i praksisfeltet.
Studentane skal lære å skrive tekstar innan ulike sjangrar. Dei skal gjennom skriftlege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, omarbeiding av litteratur, samt strukturering og formidling av kunnskap. Undervisings- og læringsformer vil variere i dei ulike emna, og er nærmare beskrive i den enkelte emneplanen.
Skriftlege oppgåver blir levert i Canvas. Oppgåvene blir kontrollert for plagiering.
Vurderingsformer
Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og går fram av emneplanane. Vurderingsformene skal sikre at studenten har tileigna seg nødvendige kvalifikasjonar for yrkesutøvinga og vise at studenten gjennom studiet held eit tilfredsstillande fagleg nivå. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende før studentane får framstille seg til eksamen i emnet eller gå ut i praksis jfr. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Vurderingsformene som blir brukt i studiet, er skriftleg heimeeksamen (både individuell og i gruppe), oppgåve, munnleg eksamen (både individuell og i gruppe) og praksisstudium.
Vurderingsuttrykk som blir brukt er bestått/ikkje bestått eller gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått. Praksisstudia blir vurdert til bestått/ikkje bestått.
Krav til studieprogresjon
For å sikre oppnåing av læringsutbytte på ulike nivå i studieløpet, blir det stilt krav til studieprogresjon.
Studenten må ha bestått ein praksisperiode for å kunne framstille seg for neste praksisperiode. Alle emne frå første semester må vere bestått før studenten kan starte i andre studieår. Alle emne frå andre semester må vere bestått før studenten kan starte i fjerde semester. Alle emne frå tredje og fjerde semester må vere bestått før studenten kan starte i tredje studieår.
Tidlegare erverva kunnskapar og bruk av desse vil bli etterspurt i påfølgande emner.
Studenten som ikkje fyller krav til progresjon, blir flytta ned eit kull, og får justert utdanningsplanen for å innhente manglande progresjon. Ved overgang til nytt kull vil studieplan for det nye kullet vere gjeldande.
Internasjonalisering
Studentutveksling er lagt til fjerde semester, både i praksis- og teoretisk emne, samt praksisemnet i femte semester. Studentar som ønsker utveksling til Tanzania, må gjennomføre dette i praksisemnet i femte semester.
Under er ein kort beskriving av utvekslingsmoglegheitene. Studentar kan gjennomføre andre eller tredje praksisperiode gjennom følgande avtalar:
Belgia | VIVES University College Belgia | Arteveldehogeschool Danmark | University College Copenhagen Danmark | VIA University College Finland | ARCADA Polytechnic Litauen | Lithuanian University of Health Sciences Sverige | Linköping University Tanzania | Kilimanjaro Christian Medical Centre
Utdanninga har dialog med VIA University College i Aarhus, Danmark, angåande moglegheit for å gjennomføre utveksling heile fjerde semester (både praksis og teoriemne).
Førehandsgodkjenning av emne og innhald i praksis skal sikre at utdanninga kan få innpass i det ordinære studieløpet.