Forkurs | Bergen

Forkurs

Har du yrkesfagleg utdanning, og lyst til å bli ingeniør eller ta ei maritim utdanning? Då er forkurset noko for deg!

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Du må ha ein av desse:

    • Bestått VG1 og VG2 frå yrkesfag
    • Fag eller sveinebrev
    • 5 år relevant erfaring (realkompetanse)

    Poenggrense ved forrige opptak

    • alle kvalifiserte

    Om å søke opptak til HVL

    Kva er forkurs?

    Forkurs for ingeniørutdanning er perfekt for deg som har yrkesfagleg utdanning, men som manglar generell studiekompetanse. Forkurset er eit eittårig kurs som gir deg faga du treng for å søke opptak til ei ingeniørutdanning eller integrert masterstudium i teknologiske fag.

    Faga som inngår i kurset er:

    • Matematikk
    • Fysikk
    • Norsk
    • Engelsk
    • Teknologi og samfunn

    For å lukkast i kurset krevst det sterk motivasjon og ein høg arbeidsinnsats gjennom heile semesteret.

    Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta forkurset. 

    Har du generell studiekompetanse?

    Då treng du berre matematikk og fysikk. Her har du fleire moglegheiter: 

    Korleis er undervisninga?

    Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som inkluderer forelesningar, laboratoriearbeid, rekneøvingar og sjølvstudium. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.

    Kva er forskjellen på forkurs og realfagskurs?

    Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn. 

    Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.