Forkurs | Bergen

Forkurs

Dette kurset er for deg som har yrkesutdanning og praksis, men som manglar generell studiekompetanse. Forkurset gir eit godt grunnlag for høgare teknisk utdanning i Noreg og er ei god plattform for framtidige yrke.

Faga som inngår i kurset er:

  • Matematikk
  • Fysikk
  • Kommunikasjon og norsk
  • Teknologi og samfunn

Faga i forkurset er på vidaregåande skule-nivå, men gir ikkje offentleg eksamen.

Undervisningsmåtar

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. I løpet av året vil det kunne bli ei helg med lab-forsøk i fysikk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.

Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av forkurset til ingeniørutdanning, på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17. Sjå nettsida til Metis

Kva blir du kvalifisert for?

Forkurset er eit eittårig studieløp som gir opptaksgrunnlag for ei treårig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag. Etter bestått forkurs får du eit forkursvitnemål som gir deg rett til å konkurrere i forkurskvota ved opptak til treårige ingeniørstudium i Noreg.
På treårige ingeniørutdanningar er inntil 20 prosent av studieplassane reserverte for søkarar med eittårig forkurs med full fagkrins. Du har full fagkrins om du har fullt forkurs, utan fritak i fag. Har du vitnemål frå forkurs med fritak i eitt eller to fag, vil du ikkje konkurrere i forkurskvota. Forkurset må vere godkjent.

Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.