To personer som holder hver sin kråkebolle.

Friluftsliv i kystnære naturmiljø

Vidareutdanning på bachelornivå

Kva for pedagogisk potensiale ligg i friluftslivsaktivitetar i ulik natur? Gjennom ekskursjonar i den vakre Sunnhordlandsregionen, vil du i denne vidareutdanninga få kunnskap og erfaring med flora og fauna.

Stord

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

    Det er ingen krav til forkunnskapar, men du må vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

    I samband med ekskursjonar må du vera førebudd på å betale ein eigenandel.

    Studienummer 8519

    Hvordan søke:

    • Logg inn i Søknadsweb
    • Velg opptak "Videreutdanning og halvtårsstudium"
    • Så velger du "Videreutdanning vår"
    • Velg studiet du vil søke på fra listen (se studietypenummer over).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
    • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere Friluftsliv i kystnære naturmiljø?

    Friluftsliv fremmar fysisk aktivitet og sunn livsstil. Faget gir deg ei unik moglegheit til å la elevar lære gjennom praktisk erfaring. Med vidareutdanning i friluftsliv, vil du som er lærar få meir kompetanse om korleis du kan planlegge og gjennomføre tverrfaglege aktivitetar i kystnatur, på ein trygg og ansvarleg måte.

    Kva lærer du?

    Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga, vil du mellom anna:

    • Få kunnskap om naturtypar langs kysten (havstrand, kystfuruskog, fjell), som har læringsmiljø i tverrfagleg samanheng.
    • Kunne planlegge og gjennomføre tverrfaglege aktivitetar i kystnatur på ein trygg og ansvarleg måte.
    • Kunne vurdere analytisk korleis natur og friluftslivaktivitetar kan bidra til heilskapleg utvikling og læring hos barn og unge.

    Les meir om kva du lærer, i emneplanen. 

    Målgruppe

    Vidareutdanninga passar for deg som arbeider i skule, barnehage eller andre verksemder, der ein har fokus på undervising og opplæring av barn og unge ute i naturen.

    Utdanninga er til dømes veldig relevant for deg som er lærar, pedagog eller assistent i barnehage og skule, eller for deg som jobbar som barne- og ungdomsarbeidar. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. Undervisningsformene er i stor grad knytt til praktisk aktivitet med førelesningar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid. Fokus ligg på studentaktive læringsformer.

    Samlingsdatoar

    Samlingsdatoar vår 2025:

    • Nettundervisning: Oppstart mandag 17.mars klokka 16-18, deretter nettundervising 1-2 mandager i månaden på same tidspunkt.
    • Fysiske samlinger med overnatting på Stord: 23.-25.april, 20.-22.mai, 11.-13.juni.
    • Mellom samlingane blir det økter med digital undervisning.

    Eksamensperiode: 17.-19.juni

     

    Datoar for undervising på nett, fysisk samlingar, for 2026:

    Digital oppstartssamling: måndag 16.mars klokka 16-18

    Digital undervising 1-2 måndagar i månaden (mars, april, mai, juni) klokka 16-18
    Fysiske samlingar, tre dagar og to netter ute:
    23.-25. april samling på Stord
    20.-22. mai samling på Stord
    10.-12. juni samling på Fitjar

    16.-18. juni digital eksamen på nett

    Tilrådde forkunnskapar

    Ingen. 

    Pensum

    Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

    Eksamensform

    For å kunne ta eksamen, må du levere inn tre arbeidskrav. Det blir digital individuell munnleg eksamen.

    Studieavgift og betaling

    Det er ikkje kursavgift, men det blir utgifter knytt til turar, mat og diverse

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs