Gruppe på tur over en isbre.

Geologi og geofare

Bachelor

I vakre Sogndal, med kort veg til fjell, fjord og isbrear, har du eit perfekt utgangspunkt for å studere bachelor i geologi og geofare!

Sogndal

Søk studieplass Opnast i ny fane

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203469

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller matematikk S1 + S2) og eitt av følgjande krav:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 + 2
  • Kjemi 1 + 2
  • Biologi 1 + 2
  • Informasjonsteknologi 1 + 2
  • Geofag 1 + 2
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere geologi og geofare?

Geologi handlar om å forstå kva jordkloden består av, korleis den er blitt til og korleis den har utvikla seg. Studerer du geologi og geofare på HVL kan du møte framtidas utfordringar, og du kan velje mellom ulike jobbar innan naturfare, utvinning av naturressursar, bygging av infrastruktur og framtidige klimaendringar. 

Vi brukar den storslåtte Vestlandsnaturen rundt campus Sogndal som vårt klasserom. Dette er ei praktisk retta geologiutdanning. Vi reiser på ekskursjonar og feltarbeid i nesten alle emne, noko som gir deg god innsikt i geologiske prosessar og metodar.

Geologi og geofare er den einaste bachelorutdanninga i Norge som har eit særleg fokus på geofare og geologiske problemstillingar i arealplanlegging. Tilbakemeldingar frå studentar i Studiebarometeret viser at vi ligg i landstoppen som beste bachelorprogram innan geofag, der vi har gått heilt til topps som beste studieprogram i 2022 og 2023. Våre studentar er svært tilfredse med undervisninga, rettleiinga frå dei faglege tilsette og med læringsmiljøet.

Gjennom studiet lærer du om:

  • korleis jorda vår er bygd opp, og kva indre og ytre prosessar som skapar det landskapet vi ser i dag
  • geofarar som skred, flaum, jordskjelv og tsunami, og korleis desse kan bli oppdaga og overvaka ved hjelp av moderne teknologi
  • årsaker og omfang av naturlege og menneskeskapte klimaendringar
  • korleis brear, snø og snøskred opptrer og utviklar seg
  • geologiske verktøy som kart, GIS, GPS og geofysiske metodar
  • geologiske ressursar som ulike mineral, lausmassar og vatn
  • sentrale lovar og verkemiddel i norsk arealplanlegging, miljø- og naturforvaltning



00

Korleis er undervisninga?

Vi brukar aktive undervisningsformer i klasserom og på lab, i tillegg til sjølvstudium. Vi reiser på mange ekskursjonar og feltarbeid, der du lærer om geologi og geofarar i praksis, inkludert relevante metodar. Du lærer også gjennom forelesingar, øvingar på geologilaben og oppgåveløysing på klasserom.

I ein del emne har vi blokkundervisning, som betyr at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.

Lurer du på noko om studentlivet? 

Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i geologi og geofare kan du søke deg inn på følgjande program på HVL:

Du blir også kvalifisert for masterstudium i geologi, geofag eller geografi ved andre utdanningsinstitusjonar i Norge og i utlandet.

Andre utdanningar du kanskje vil like