Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn i Bergen

Studieplan for kullet som blei tatt opp i Bergen hausten 2017.

Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning. Obligatoriske fag er pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk og matematikk. Du vel eitt fag når du søker opptak til studiet og eitt fag til i tredje året av utdanninga.

Aktuelle masterfag på campus Bergen kan vere undervisningsfag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.

Oppbygging av studiet

Studieprogramplan

1. studieår 2017/2018

Du har pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk (fag 2), matematikk (fag 3) og faget du kom inn på gjennom Samordna opptak (fag 1). Fag 1 kan vere:

2. studieår 2018/2019

Du held fram med fag 1, PEL, norsk (fag 2) og matematikk (fag 3).

3. studieår 2019/2020

  • Haustsemesteret: Du vel eit nytt fag – fag 4. Du kan velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
  • Vårsemesteret: Her vel du del 2 av enten norsk, matematikk eller fag 1. 

Les om fagval i 3. studieår.

4. studieår 2020/2021

Dei to siste åra av utdanninga har du PEL og masterfaget du har valt, enten eit undervisningsfag eller eit pedagogisk fag. Hausten fjerde år har du fordjuping i masterfaget og våren har du masterfag og PEL.

Mastertilbodet i Bergen (med atterhald om at nok studentar vel desse faga):

  • Kunst og håndverk: vestlandsklasse i Bergen og Stord
  • Musikk: Bergen og Stord
  • Naturfag: Bergen
  • Kroppsøving: Sogndal og Bergen
  • Spesialpedagogikk: Sogndal og Bergen
  • KRLE: Bergen
  • Samfunnsfag: Bergen
  • Norsk: alle tre studiestader
  • Matematikk: alle tre studiestader
  • Engelsk: Bergen
  • Begynneropplæring i matematikk: vestlandsklasse alle studiestader

5. studieår 2021/2022

Du held fram med PEL og skriv masteroppgåve.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Retningslinjer for føring av fråvær

Praksis

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.

Om praksisopplæringa 1. studieår.

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga. Kor du kan dra, kjem an på kva fag du vel som fordjupning i 7. semester. Pass på å søke før 1. februar! 

Meir informasjon om utveksling.


Seniorrådgivar
Eining for utdanning, FLKI