Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn, studieplan på Stord
Studieplan for kullet som vart tatt opp på Stord hausten 2018.
Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning.
Obligatorisk fag er pedagogikk og elevkunnskap. I tillegg vel du tre fag (matematikk, norsk, kunst og handverk, musikk, kroppsøving, naturfag, engelsk, samfunnsfag, KRLE, mat og helse, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk).
Aktuelle masterfag på campus Stord kan vere: matematikk, norsk, musikk, kunst og handverk eller profesjonsretta pedagogikk.
Oppbygging av studiet
1. studieår
Du har faget Pedagogikk og elevkunnskap (PEL). Du vel i tillegg to fag:
- Fag 1 (matematikk, norsk, musikk eller kunst og handverk)
- Fag 2 (samfunnsfag, engelsk eller naturfag)
Første studieveka får du meir informasjon om fag og fagval.
2. studieår
Du har PEL, fag 1 og fag 2.
3. studieår
- Haustsemesteret: Her vel du eit nytt fag – fag 3. Du kan velje mellom kunst og handverk, musikk, mat og helse, kroppsøving, KRLE, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk. Det kan bli endringar i tilbodet.
- Vårsemesteret: Her tar du del to av fag 1 (matematikk, norsk musikk eller kunst og handverk).
4. studieår
Du held fram med PEL. I tillegg vel du masterfaget ditt (matematikk, norsk, musikk eller kunst og handverk).
5. studieår
Du har PEL og skriv masteroppgåve.
Studiet har krav om politiattest
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Retningslinjer for føring av fråvær
Praksis
Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.