Studiet består av følgjande hovudtema:
- grunnleggande omgrep, modellar og teoriar innan fagområdet beredskaps- og kriseleiing
- sentrale leiingsoppgåver og -funksjonar innan ulike organisasjons- og leiingsperspektiv
- organisering av beredskaps- og kriseleiing i gitte kontekstar og situasjonar
- korleis individ reagerer på kriser.
Etter gjennomført studium skal du vere i stand til å gjennomføre ein beredskapsanalyse og utarbeide beredskapsplan for eigen organisasjon. På bakgrunn av analyse av kontekst og situasjon skal du kunne bruke kunnskapane dine om adekvat leiingsutøving og handtere menneske som råkast av kriser.
Timeplan
Totalt tre samlingar på dagtid i vekedagar. To samlingar over to dagar, siste samling over tre dagar.