En kvinne som trykker på en stor digital skjerm utendørs på kveldstid.

Informasjonsteknologi

Bachelor

Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida!

Bergen, Førde, Haugesund

Kvifor studere informasjonsteknologi?

Datasystem blir brukt innan dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning.

Med ei IT-utdanning i informasjonsteknologi vil du stå sterkt rusta for ein interessant jobb i ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse. Du finn jobbane både i privat og offentleg sektor. 

 

Du kan studere informasjonsteknologi i Bergen, Førde eller Haugesund: 

Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi?

Informasjonsteknologi har dei same samfunns- og IT-faga som dataingeniørutdanninga ved HVL. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.