Studieplan - Kunst og handverk, årseining
Hausten 2024
Kunst og handverk tilbyr kreativt og skapande arbeid med ulike materiale og teknikkar. Gjennom studiet får du anledning til utvikle deg i arbeid med materialar og analoge og digitale teknikkar innan områda bilde, skulptur og design. Kunst og formkultur og fagdidaktikk er vektlagt i heile studiet og som student får du lære om og erfare ulike estetiske læreprosessar. Ein periode av studiet er sett av til fordjuping innan eit sjølvvalt område.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale temaer, teoriar, prosessar, verktøy og teknikkar innanfor fagområdet kunst og handverk
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- kjenner til fagområdets historie, tradisjonar og eigenart
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide målretta med idéutvikling, praktisk skapande arbeid, dokumentasjon og vurdering av eigne prosessar
- kan reflektere over eigne val og ta imot rettleiing
- kan finne, vurdere og anvende relevant fagstoff og knytte dette til skapande prosessar og faglege problemstillingar
- kan anvende relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre praktiske oppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i gruppe
- er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer
- viser engasjement og sjølvutvikling i eit fagleg fellesskap
- har kunnskap om relevante faglege problemstillingar
- har kunnskap om berekraftig materialbruk
Innhald
Studiet består av to obligatoriske emne:
- Kunst og handverk 1, 30 sp, haust
- Kunst og handverk 2, 30 sp, vår
I kunst og handverk 2 kan studenten fordjupe seg innan eit sjølvvalt område innanfor emnet sine rammer.
Praksis
Studiet har ikkje praksis.
Arbeidsformer
Aktiviserande arbeidsformer som verkstadarbeid, workshop, prosjektarbeid og ekskursjonar. Teoretisk innføring og praktiske demonstrasjonar. Individuelt arbeid og gruppearbeid.
For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
Vurderingsformer
Obligatoriske læringsaktivitetar
- Obligatorisk deltaking i undervisning med praktiske komponentar
- Skriftleg individuell oppgåve knytt til relevant forsking om skapande arbeid
- Formidlingsopplegg i gruppe knytt til skapande arbeid
- Innlevering av arbeidsteikning knytt til trearbeid
- Individuell utforsking av materiale og teknikk
Vurderingsformer
Mappeeksamen med eksamensutstilling, FOU-oppgåve med eksamensutstilling.
Internasjonalisering
Det vert lagt opp til studietur til ein europeisk kulturby i vårsemesteret. Internasjonalisering vert i tillegg ivareteke gjennom til dømes internasjonalt fagstoff/pensum, globale perspektiv på kunst og formkultur, og ulike kunst og handverkstradisjonar.