Opptakskrav og søknad
Kvifor studere Laptop som instrument?
Skaff deg unik kunnskap om korleis du kan nytte moderne teknologi for å skape og framføre musikk på ein kreativ og dynamisk måte.
Kva lærer du?
I dette studiet lærer du å bruke programmet Ableton Live til å lage musikk og spele musikken live. Lær deg å kople ulike kontrollenheter til programmet for å styre musikken din, enten du speler ålene eller saman med andre. Du lærer å lage din eigen musikk, som passer godt til live-framføringar, og du får mogelegheit til å tenke gjennom og diskutere vala du tek når du lagar musikk.
Målgruppe
Deg som ønskjer å utforske nye måtar å skape og framføre musikk på, og forstå korleis teknologi kan bli integrert i musikalske uttrykk.
Undervisningsform
Undervisninga er digital. Dette er eit individuelt sjølvstudium basert på faginnhald som blir publisert som tekst og video.
- Praktisk arbeid på eigen laptop
- Deltaking i diskusjonsforum
- Gruppearbeid
- Ein time felles undervisning i veka på Zoom/Teams
Obligatorisk læringsaktivitet:
- 12 lyd-/videofiler
- Eit refleksjonsnotat (1000 ord)
- Arbeidsprosessdokument
- Deltaking i diskusjonsforum
- Gruppearbeid
Tilrådd forkunnskap
Studenten må ha eigen laptop med Ableton Live, versjon 11 eller 12. Lydkort, mikrofon og headset, samt keyboard eller ein annan kontrollar, td Launchpad.
Pensum
Du vil få meir informasjon om pensum ved studiestart.
Eksamensform
Mappevurdering. Vurderingsmappa består av:
- 3 sjølvvalde innleveringar, valt blant dei 8 fyrste
- den siste innleveringa - prosjektoppgåva - som er av større omfang, levert som lyd-/ og eller videofiler.
- refleksjonsnotat, omfang 1000 ord (+-10%)
Arbeida kan vere revidert etter tilbakemeldinga gjeve ved levering i læringsmappa. Dei tre delane vert vekta med ein tredjedel kvar.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.