Laptop som instrument og produksjonsverktøy

Vidareutdanning på bachelornivå

Vil du lære å lage musikk digitalt? I dette studiet lærer du korleis du kan kombinere kompetansen din på eige instrument, med digitalt produksjonsverktøy.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

    Sjå tilrådd forkunnskap under praktisk informasjon

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere laptop som instrument og produksjonsverktøy?

    Studiet er for deg som ønskjer å integrere moderne teknologi i undervisninga eller i musikkproduksjonen din. Styrk din kompetanse i å lære bort musikk på ein engasjerande og innovativ måte. 

    Kva lærer du?

    Emnet gir grundig opplæring i bruk av programvara Ableton Live på egen laptop, for å realisere kompetansemål i musikk for grunnskule, vidaregåande skule eller kulturskule.

    Aktivitetane fokuserer på å lage musikk ved å kombinere digitale verktøy med akustiske instrument. Samspelet mellom det analoge og digitale blir lagt vekt på, og du knytter din instrumentkompetanse til Ableton Live.

    Undervisninga fokuserer på teknisk innsikt i Ableton, samtidig som du skal skape fem-seks originale komposisjonar av ulike slag gjennom semesteret.

    Målgruppe

    Studiet er spesielt relevant for tilsette i grunnskule, vidaregåande eller kulturskule, som ønskjer å videreutvikla musikkundervisninga si. 

    Les emneplanene her:
    Laptop som prosjektstudio (LPT801)
    Laptop som instrument (LPT802)

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Dette er individuelt sjølvstudium basert på faginnhald publisert som tekst og video, praktisk arbeid på eigen laptop, deltaking i diskusjonsforum, gruppearbeid, 1 time felles undervisning per veke i zoom/teams.

    Gjennom semesteret skal du levere 12 oppgåver i form av klingande musikalske resultat som lydfil i mp3-format, refleksjonstekst samt skjermbilete som dokumenterer arbeidsprosessen på eiga maskin. I refleksjonstekstane vert det vektlagt at du diskuterer eigne musikalske val, grunngjeving av desse, samt refleksjon kring eigen læringsprosess.

    Du skal delta aktivt i studiet sitt eige diskusjonsforum ved å poste/svare på spørsmål og å kommentere medstudentar sine arbeid på ein konstruktiv måte.

    Tilrådd forkunnskap

    Det er ingen krav til forkunnskap, men studenten må ha eigen laptop med Abelton Live versjon 11 eller 12. Lydkort, mikrofon og headset, samt keyboard eller ein annan kontrollar, til dømes Launchpad.

    Pensum

    Du får meir informasjon om pensum ved studiestart. 

    Eksamensform

    Mappevurdering.

    Vurderingsmappa består av:

    • 3 sjølvvalde innleveringar valt blant dei 8 fyrste
    • den siste innleveringa - prosjektoppgåva - som er av større omfang, levert som lyd-/ og eller videofiler.
    • refleksjonsnotat, omfang 1000 ord +-10%

    Arbeida kan vere revidert etter tilbakemeldinga gjeve ved levering i læringsmappa. Dei tre delene vert vekta med ein tredjedel kvar.

    Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs