Samfunnsarbeid

Master

Er du interessert i sosial berekraft og sosialt arbeid, og ønskjer å vere ein endringsagent? Med ein mastergrad i samfunnsarbeid kan du jobbe i organisasjoner, næringsliv eller hos myndigheitene.

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Bachelorgrad eller tilsvarande innan samfunnsfag, helse-, sosial-, eller politifag, pedagogiske fag eller tilsvarande profesjonsutdanning.

    Søkarar utan profesjonsutdanning må ha bachelorgrad eller tilsvarande, og minimum 80 studiepoeng i samfunnsvitskaplege emne.

    Karakterkrav: Samla karakter må vere C eller betre.

    Vi tek ikkje opp nye studentar på dette masterprogrammet, men frå hausten 2023 kan du velje samfunnsarbeid som studieretning i det nye masterprogrammet i sosialvitskap.

    Samfunnsarbeid er ein prosess der ein eller fleire bidrar til at eit interessefellesskap eller eit nærmiljø når dei mål dei har sett seg. Du lærer å analyserer utfordringar og barrierar for deltaking og setter i gang endringsprosessar, gjerne i lag med marginaliserte grupper.

    Med mangfald og aukande grad av sosial ulikskap treng vi kunnskap om korleis arbeide saman i grupper. Studiet legg vekt på deltaking, kollektiv handling, sosialt entreprenørskap, eigenutvikling og dialog. Det bygger på at menneske i fellesskap kan skape og endre sosiale strukturar og bidra til gode livsvilkår. Dette gjeld alt frå grasrotmobilisering i lokalsamfunn, deltaking i planprosessar, til arbeidsmiljøtiltak eller utvikling av tenester.

    Dette lærer du:

    Du lærer å analysere vilkår for sosial deltaking, og å sette i verk endringsprosessar og prosjekt saman med dei det gjeld. Ved endt studieforløp vil du ha gode ferdigheiter som endringsagent, og ein sosial engasjert prosessleiar.

    Undervisningsmåtar

    Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har seminar, litteraturpresentasjonar, prosessorientert skriving og rettleiing. I tillegg vil du delta i fleire ulike utviklingsprosjekt.

    Du får også erfaring i å bruke styrkebasert arbeidsmetodar, som framtidsverkstad, Asset-Based Community development og sosiale laboratorium. Du kan knytte masteroppgåva di til eit pågåande prosjekt, eller utvikle ditt eige.Det er også mogleg å knytte masteroppgåva til eit pågåande prosjekt i utlandet.

    Praksis

    Vi har tett kontakt med praksisfeltet og aktuelle arbeidsgivarar. Du får delta i praktisk samfunnsarbeid knytt til tema som områdeløft, bustadutvikling, lokalsamfunnsutvikling og helsefremjande arbeid.

    Du vel fordjupningsemne knytt til både teoretiske og praktiske tema. Det er mogleg å velje fordjuping innan samfunnsarbeid knytt til kreative fag, som film eller teater, eller velje fordjuping knytt til internasjonal utveksling.

    Det blir lagt til rette for at du som student skal få tilgang til relevant praksisfelt for masterprosjektet ditt. Felta kan vere lokale, nasjonale eller internasjonale.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerar! Som utvekslingsstudent i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.

    Vi har Erasmus-avtale for utveksling med universitet i Madrid, Glasgow og Berlin. Vi har også samarbeid med universitet og høgskular i ei rekke andre land, og kan hjelpe deg med å få relevant praksis i Europa, Afrika eller USA

    Kor kan du reise?