Mat og helse 1 | 1.–10. trinn

Vidareutdanning på bachelornivå

Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Her får du ei innføring i faget sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Meir om søknadsprosessen

    Kvifor studere Mat og helse?

    Du tileignar deg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjer barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gjer dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.

    Kva lærer du?

    Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar. 

    Emne 1 gjev ei innføring i bærekraftig forbruk, måltid som identitets- og kulturutrykk, styringsdokument, trygg mat, smak og sensorikk.

    Emne 2 fokuserer særleg på planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeid i faget. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om helsefremjande kosthald, matallergi og korleis faget kan bidra til livsmeistring for eleven og utjamning av sosial ulikheit i helse.

    Målgruppe

     Lærarar i grunnskulen som vil undervise i mat og helse. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    • Forelesningar
    • Individuelt arbeid mellom samlingane
    • Gruppearbeid
    • Demonstrasjon/forevisning
    • Muntleg og skriftleg presentasjon
    • Sjøvstudium
    • Utprøving av elektronisk læremiddel mellom samlingane med ei mat- og helseklasse i grunnskulen

    Meir om dei to emna:

    Samlingar

    Vår 2025
    Uke 3: 16. - 17. januar
    Uke 10: 6. - 7. mars 
    Uke 17: 24. - 25. april 

    Haust 2025
    MHE803 Mat og helse 1, emne 1 - Innføring i mat og helse
    uke 36, 42 og 47.

    Torsdager kl 9-17
    Fredager kl 8.15 -15

    Vår 2026
    MHE804 Mat og helse 1, emne 2 - Mat og helse som undervisningsfag
    uke 3, 10 og 17

    Torsdager kl 9-17
    Fredager kl 8.15 -15

    Tilrådd forkunnskap

    Du må vere lærar i grunnskulen.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart.

    Eksamensform

    • Emne 1: Munnleg eksamen, 20 min
    • Emne 2: Praktisk eksamen, 30 min

    Begge med karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

    Stipendordning for lærarar i skulen

    Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no

    Du må sende to søknader i 2025:
    Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
    Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs