Jente som gjør mattelekser

Matematikk 1 | 1.-7. trinn | nettbasert

Vidareutdanning på bachelornivå

Dette er eit reint nettstudium for deg som er lærar i skulen, og ønskjer undervisningskompeanse i matematikk på 1.-7.trinn.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge  stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Meir om søknadsprosessen

    Kvifor studere Matematikk?

    Som lærar i matte kan du vere med å forme og inspirere kommande generasjonar til å skape ei positiv haldning til matte - eit fag som for nokre elevar kan verka skremmande. Ein god mattelærar på barnetrinnet, kan vere avgjerande for korleis elevane meistrar matte vidare på skulen. 

    Kva lærer du?

    Gjennom studiet skal du utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på heile barnetrinnet. Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

    I studiet arbeider du med matematikklæring i tråd med Kunnskapsløftet 2020.

    Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget. Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, prealgebra, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.

    Studiet består av to emne på 15 studiepoeng.

    Målgruppe

    Matematikk 1, 1.-7. trinn er retta mot deg som ønskjer å undervise i matematikk frå 1. til 7. trinn, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper

    Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med meir informasjon. Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom.

    Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse.

    Du finn meir informasjon i emneplanen:

    Nettundervisning

    Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar tysdagar 14.00-16.00 kvar veke.

    Vår 2025
    MAB802N : oppstart Tirsdag 07/01/2025 kl. 14:00 - 16:00

    Høst 2025
    MAB801N: oppstart Tirsdag 19/08/2025 kl. 14:00 - 16:00

     

    Tilrådd forkunnskap

    Du må vere lærar på barnetrinnet. 

    Pensum

    Du får tilgang til pensumliste ved studiestart. 

    Eksamensform

    Begge emne har individuell munnleg eksamen, gjennomføres på nett (25 min).

    Stipendordning for lærarar i skulen

    Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no

    Du må sende to søknader i 2025:
    Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
    Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs