Opptak til vidareutdanningar

Viktige datoar

Søknadsweb opnar 1. februar.

15. april er ordinær søknadsfrist for mange vidarerutdanningar, men sjekk studietilbodssida for aktuell frist.

1. mai er opning av ledige studieplassar.

Korleis søke

Du søker gjennom Søknadsweb.

Har du problem med å søke via den lokale søknadsweben vår, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut og beskrive kva for ein feil som har oppstått og kva slags studium du ønskjer å søke på

Kompetanse for kvalitet – vidareutdanning for lærarar

Dokumentasjon

Du må dokumentere at du fyller opptakskrava til studiet du søker. Du lastar opp dokumentasjonen i Søknadsweb (som pdf- eller jpg-fil). Når du kjem inn i Søknadsweb, går du til «Mine dokument» (ei av fire faner heilt oppe eller til venstre) og lastar opp.

I Søknadsweb kan du samtykke til at vi kan hente resultata dine frå andre norske lærestader. Du må då sjølv sjekke at alle resultat er synlege i Søknadsweb under «eksterne resultat». Viss du har resultat frå HVL vil ikkje dei vere synlege her. For å sjå resultata dine kan du logge inn i Studentweb eller Vitnemålsportalen.

Her finn du meir informasjon om dokumentasjon.

Poengutrekning

Konkurransepoengsummen din består av karakterpoeng frå grunnutdanning, utdanningspoeng (høgare utdanning utover opptakskravet) og eventuelt praksispoeng. Praksispoeng gjeld berre for utvalde studium. 

Sjå utfyllande retningslinjer for opptak ved Høgskulen på Vestlandet pkt. 3.3 om korleis poengsummen blir rekna ut. 

Poenggrenser

Utanlandsk bachelorutdanning

Du må dokumentere at du dekker opptakskravet. Kva krav som gjeld finn du på studieprogramsida. Viss opptakskravet er høgare utdanning må du også dokumentere at du har generell studiekompetanse. I tillegg må du dekke språkkrav i norsk og engelsk.

Sjå korleis du dekker språkkravet.

Enkelte studium i engelsk kan ha høgare krav til engelsk. Det vil gå fram av opptakskravet til kvart enkelt studium.

Dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk må omsettast. Omsettinga skal gjerast av translatør eller tolketeneste. Du må levere kopi av både originalen og det omsette dokumentet innan søknadsfristen.

Ledige studieplassar

Dersom det er ledige studieplassar i etterkant av opptak, kan du søke på desse. Dei ledige plassane legg vi ut på nettsidene. Vi oppdaterer sida løpande.

Sjå oversyn over våre ledige studieplassar

Reservasjon av studieplass

Ved innkalling til militær- eller sivilteneste, graviditet eller andre tungtvegande grunnar, kan du reservere studieplassen din til neste år.

Sjå meir om reservasjon av studieplass og søknadsskjema.

Godskriving

Har du utdanning frå før som du vil ha som ein del av graden din ved HVL? Då kan du søke om godskriving. Du kan ikkje søke om godskriving før du har fått studieplass ved HVL.

Sjå meir om godskriving av emne.

 

Forskrift og retningslinjer