To kvinner som jobber på laboratoriet

Medisinsk laboratorieteknologi

Master

Vil du ta master som bioingeniør? Dette er masterprogrammet for deg som vil ha meir innsikt i nyare og avansert teknologi.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad i bioingeniørfag
    • Karaktersnitt på minst C

     

    Poenggrense ved forrige opptak

    • 32,00

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere medisinsk laboratorieteknologi?

    Som bioingeniør opplever du stadig auka krav til effektivisering og kvalitetssikring - til dømes eit auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar.

    På masterprogrammet i medisinsk laboratorieteknologi får du vidareutvikla kompetanse din som bioingeniør. Du får innsikt i nyare, avansert teknologi og medisinske laboratorieanalysar. Masterprogrammet har ei forskingsbasert tilnærming der du som student blir utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritisk og evaluerande. Du vil få jobbe tett på eit forskingsmiljø gjennom praktiske øvingar. Her vil du opparbeide deg ferdigheiter som gjer deg i stand til å vere ein aktiv og verdifull deltakar i forskingsprosjekt.  

    Du kan studere medisinsk laboratorieteknologi i Bergen.

    Korleis er undervisninga?

    Masterprogrammet i medisinsk laboratorieteknologi har fleksible undervisingsformer. Digital undervising blir kombinert med samlingar på campus Bergen. Samlingane varer mellom to og fire dagar, og blir arrangert ein til to gonger per semester, avhengig av emne. På samlingane er det lagt opp til studentaktivitet slik som seminar med studentframlegg og diskusjon, gruppearbeid og øvingsoppgåver.

    Den digitale undervisninga består av webinar og gode læringsressursar i form av videoførelesingar, instruksjonsvideoar, interaktive element, og sjølvtestar. Læringsplattforma Canvas blir brukt for digital undervisning og for kommunikasjon mellom lærarar og studentar mellom samlingane.

    Enkeltemne

    Du kan ta fleire av emna i mastergraden som enkeltemne utan å søke opptak til heile masterstudiet. Sjå tilgjengelege enkeltemne ved HVL.  eller sjå videreutdanning for bioingeniørar

    Om du seinare søker opptak til studiet får du emna godkjent som ein del av mastergraden. I tillegg kan du søke om godkjenning av andre emner som er relevante for å oppnå læringsutbyttet.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet. 

    Vidare studiar 

    Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.