Dette emne har blitt ein del av master i medisinsk laboratorieteknologi.
Kvifor studere medisinske laboratorieanalysar
Som bioingeniør opplever du stadig auka krav til effektivisering og kvalitetssikring - til dømes eit auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar.
Hovudmålet med studien er å vidareutvikle din kompetanse og gi deg innsikt i nyare, avansert teknologi og medisinske laboratorieanalysar. Studien har ei forskingsbasert tilnærming der du som student blir utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritisk og evaluerande.
Kva lærer du?
Fullført studie vil bidra til at du forstår fordelar og ulemper ved ulike laboratorieteknologiar og analysar i høve til ulike medisinske problemstillingar. Vidare vil du få erfaring med å arbeide nær eit forskingsmiljø gjennom praktiske øvingar. Du får også opparbeide deg kunnskapar og ferdigheiter for å kunne vidareutvikle deg som ein aktiv og verdifull deltakar i forskingsprosjekt.
Målgruppe
Målgruppa for studien er bioingeniørar som ønskjer å heve sin faglege kompetanse.
Korleis er studien bygd opp?
Studien består av to emne på 10 studiepoeng:
BIO852 Avanserte biomedisinske analysemetoder BIO853 Videreutdanning i hematologi innen laboratoriemedisin
Det er kun BIO853 som har oppstart våren 2024.
BIO853 har følgende samlinger våren 2024
- Fysisk samling 29. og 30. januar. Fra kl 10-16 mandag og 9-14 tirsdag.
- Digital samling 9.00-12.30 4. mars
- Digital samling 9.00-12.30 10. april
- Digital samling 9.00-12.30 30. mai
Studiet gir eit fundament for vidare læring og fagutvikling. Etter godkjenning, kan ein søke om å få emne på masternivå som fagfordjupande del av eit masterprogram.
Sjå også andre interessante vidareutdanningar:
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs