Hender som holder et hjerte

Migrasjon, helsesystem og helsebehov

Vidareutdanning på masternivå

Behov og forventingar til tenester i samfunnet er ulike og kan endre seg med tid og kontekst. Korleis kan vi jobbe saman for at flyktningar og migrantar skal få best moglege tenster som fremmer god helse og funksjon? Dette kurset er for deg som vil styrke eigen kompetanse for å jobbe i eit fleirkulturelt samfunn.

Ullensvang

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Kvifor studere Migrasjon, helsesystem og helsebehov?

    I dette kurset ser vi nærare på ulike tenester som er med på å fremme god helse og funksjon i samfunnet. Vi ser på kva helsesystem og helsetilbod flyktningar og migrantar i Noreg har tilgang til, korleis dette er brukt og kva andre tenester som direkte eller indirekte er med på å fremme god helse og funksjon. Dette kan vere tenester for å sikre deltaking i samfunnet, for opplæring eller tenester som bidrar til integrering og inkludering i samfunnet.

    Kva behov har migrantar på kort og lang sikt og korleis kan vi møte dette behovet? Korleis ein kan ein fremme god bruk av tenester og kva tiltak bør ein iverksette? Desse spørsmåla vil vi gå i djupna på og du får bygge kompetanse som er relevant for din jobbsituasjon.

    Kursformer

    Du kan ta kurset som eit studiepoengskurs på masternivå (2,5 studiepoeng)  eller som eit etterutdanningskurs. Etterudanningskurs har ingen utdanningskrav.

    Kurset har obligatorisk halvdagssamling, og for hausten 2023 er dette i Florø den 15. november

    Kva lærer du?

    Studiepoengskurs

    Etter å ha gjennomført kurset som studiepoengskurs på masternivå vil du:

    • Ha inngåande kunnskap om tiltak, system og tenester for personar med migrasjonsbakgrunn
    • Kunne analysere gjeldande praksis rundt helsetenester for menneske med migrasjonsbakgrunn
    • Kunne vurdere heilskaplege behov for tenester på ulike omsorgsnivå, frå helsefremming til rehabilitering
    • Kunne reflektere kritisk over gjeldande praksis og fungere som ein endringsagent
    • Kunne analysere behov og iverksette tiltak i ei tverrprofesjonell gruppe

    Les meir om kva du lærer i emneplanen

    Etterutdanningskurs

    Tar du kurset som etterutdanningskurs er målsettinga at du skal få styrke din kompetanse på å vurdere kritisk dei systema og tenestene vi har for personar med migrasjonsbakgrunn, og korleis desse møter behova som er i denne befolkningsgruppa. Du vil jobbe saman med andre kursdeltakarar rundt eit relevant tverrprofesjonelt tiltak for å fremme helse for personar med migrasjonsbakgrunn.

    Målgruppe

    Kurset er for alle som jobbar med migrantar og som ynskjer å bygge kompetanse rundt helse og funksjon. Dette kan vere klinikarar, rådgivarar, rettleiarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar eller organisasjonar som jobbar med til dømes deltaking og integrering av migrantar. Studiepoenggivande kurs er på masternivå og krever bachelorgrad. Etterutdanningskurs har ingen utdanningskrav.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Emnet består av ei felles digital samling, digitalt kursmateriale og gruppearbeid.

    Alle deltar på felles digital samling uavhengig av om ein tar kurset som etterutdanningskurs eller studiepoengskurs.

    I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal du jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Du får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.

    Eksamensform

    Dei studiepoenggivande kursa er på 2,5 studiepoeng og har obligatoriske arbeidskrav og eksamen. Eksamen er bestått / ikkje bestått

    Om ein tar kursa som etterutdanningskurs har ein ikkje eksamen, men obligatoriske arbeidskrav. Om du tar kurset som etterutdanning grunnkurs må du ha bestått ein digital test for å få kursbevis. 

    Tid og stad

    Digital samling, onsdag 02.10.2024 kl. 12.00 - 15.00

    Med moglegheit for fysisk samling i Ullensvang kommune ved interesse

    Dette kurset er del av ein kurspakke på 15 kurs innafor Helse, migrasjon og aldring. Kursa kan takast som studiepoengskurs på masternivå eller som etterutdanningskurs (ingen utdanningskrav).

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs