Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203667
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere årsstudium i musikk?
Er du interessert i å lære deg teknikkar for å komme i gang med å lage musikk? Har du vore aktiv som utøvar og/eller komponist/låtskrivar? Eller kanskje du ønskjer deg eit ekstra undervisingsfag i grunnskulen? Då kan dette vere studiet for deg.
Du får stor fridom når det kjem til fordjuping i hovudinstrument eller hovudområde, sjangar og formidlingsformar. Gjennom å delta i praktiske fellesprosjekt, samspel, gruppeoppgåve og presentasjonar av eigen eller andre sin musikk, får du også utvida erfaringsgrunnlaget ditt. Me legg stor vekt på å skape trygge ramme rundt undervisinga.
Ved å studere musikk lærer du
- om korleis du kan utvikle deg sjølv musikalsk
- om samspel og musikkformidling
- om låtskriving, arrangering og studioarbeid
- om lytting, musikals analyse og musikkteori
- å bruke musikkteknologiske verktøy
- å legge til rette for musikkaktivitetar og musikkundervisning med barn og unge
Musikkavdelinga på campus Stord har godt utstyrte øvingsrom, med mellom anna Mac-lab med installert Sibelius noteprogram og Logic studioprogram, studio med opptaksutstyr og mikrofonar av høg kvalitet. Alt dette får du som musikkstudent tilgang til - også utanom undervising.
Lærarane på Campus Stord har solid kompetanse og til saman har dei ei breidde av instrument og fagområde å tilby rettleiing i. Har du likevel eit instrument/ hovudområde som ikkje nokon av lærarane har kompetanse i, vil det bli henta inn rettleiar utanfrå.
Sjå korleis det er å studere musikk på Stord!
Kva kan du jobbe med?
Fullført årsstudium i musikk kan vere starten på å skape din eigen leveveg innan musikkfeltet. Med musikkutdanning får du også ein ettertrakta kompetanse som kan bli brukt i barne- og ungdomsskulen, i arbeid i det frivillige musikklivet eller i musikkprosjekt av ulike slag. Saman med lærarutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU) gir årsstudiet undervisingskompetanse i musikk.
Korleis er undervisninga?
Årsstudiet inneheld både felles undervisning, praktiske workshops og rom for eigenutvikling og fordjuping, der du sjølv styrer korleis du ønskjer å bruke tida di. Du får ansvar og fridom til å kunne drive di eiga utvikling, med rettleiing frå kompetente lærarar.
Du får tilbod om individuell undervising/rettleiing i eit sjølvvalt hovudinstrument. Det kan til dømes vere song, gitar, trommer og så vidare, eller eit praktisk hovudområde som du definerer sjølv, som til dømes musikkproduksjon, singer/songwriter, arrangering for kor/korps eller liknande. Det kan også vere ein kombinasjon av fleire instrument/ hovudområde. I andre semester er det lagt opp til eit sjølvvalt prosjekt.
Obligatoriske emne
Årsstudiet inneheld fire obligatoriske emne:
Haust:
Utøve musikk, 15 stp
Lage musikk, 15 stp
Vårsemester:
Samspill og musikalsk produksjon, 15 stp
Emne 4: Selvvalgt prosjekt (FoU), 15 stp
Her kan du lese meir om innhaldet i dei ulike emna.
Krav om utstyr
Alle studentane må ha eige lydkort, studioheadset og dynamisk mikrofon med kabel. Instrumentalistar må ha eige instrument (vi har trommesett på campus) og eventuelt tilhøyrande kablar. Vokalistar må ha eigen mikrofon og kabel. HVL har generelt krav om at studentar må ha eigen laptop. Du får tilgang til Mac-lab med stasjonære maskinar og Logic studioprogram. Musikkavdelinga har felles lagerrom med kode for dei som treng å lagre utstyret sitt på campus.
Arbeidsformer
Arbeidsformene vil veksle mellom praktiske prosjekt, kurs/workshops, førelesing, sjølvstendig arbeid, prosjekt- og gruppearbeid, framføringar, ekskursjonar og rettleiing. Undervising og rettleiing vil bli gjennomført i gruppe og individuelt. All undervisning skjer fysisk, men kan ha innslag av digitale aktivitetar. Studentane må rekne med å betale for ekskursjonar i regi av høgskulen.
For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling (t.d. ekskursjonar), legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
Praksis
Det er lagt inn to veker med praksis i løpet av studieåret. Praksis kan bli organisert ulikt etter studentgruppa si samansetting. Praksis kan vere observasjon av musikkundervising og anna undervising i grunnskulen, musikkformidlingsprosjekt (utøvande praksis), delta som hjelpeinstruktør i kor/korps eller liknande, samt gjennomføring av prosjekt retta mot barn og unge.
Vil du studere meir?
Fullført årsstudium dannar grunnlag for vidare studium ved ulike utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt. Ta kontakt med oss for meir informasjon.