Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Lærerutdanning (grunnskole-/allmennlærer, faglærer, barnehage-/førskolelærer eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være ansatt som lærer i en kommune i Hallingdal.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere Norsk 1?
I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.
Kva lærer du?
- Den første og andre lese- og skriveopplæringa
- Talemål og skriftspråk
- Barne- og ungdomslitteratur
- Elevtekstar
Studiet inneheld to modular:
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Les emnenplanene:
NO801 Norsk 1, 1-7 Begynneropplæring
NO802 Norsk 1, 1-7 Mellomtrinnet
Målgruppe
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.-7. trinn og som bur i Hallingdal.
Undervisningsform
Kurset er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Emnet har dessutan tre todagarssamlingar. Mellom og etter samlingane skal studentane arbeide individuelt og i studiegrupper.
Samlingsdatoar
Veke 36: 3.9 og 4.9
Veke 41: 8.10 og 9.10
Veke 46: 12.11 og 13.11
Veke 3: 14.1 og 15.1
Veke 8: 18.2 og 19.2
Veke 14: 01.04 og 02.4
Tilrådd forkunnskap
Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skule.
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart, vi rådar deg til å starte med grunnlitteraturen før det:
- Bjerke, C. og Nygård, M. (red.) (2021). Norskboka 2. Universitetsforlaget.
- Breivega & Selås (red.) (2024), (2.utg). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. Det Norske Samlaget.
- Nygård, M. og Bjerke, C. (red.) (2021) Norskboka 1. Universitetsforlaget.
- Seierstad Stokke, R. og Seip Tønnessen, E. (2022). Møter med barnelitteratur - introduksjon for lærere. Universitetsforlaget.
Eksamensform
Haust:
7-dagars heimeeksamen. Eksamen vil ha to oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50 prosent og begge må vere bestått for å få godkjent eksamen.
Vår:
Mappevurdering: Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.
Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Vikar- eller stipendordning kan du søke gjennom Udir.