FD modul 33 Norsk som andrespråk | Høst 24

Fagdidaktiske moduler | valgfri modul

Har du studentar i undervisninga di som har eit anna førstespråk enn norsk? Denne modulen er retta mot undervisarar som vil ha ei bevisst tilnærming til språket si rolle i læringa av eit fag.

Hopp til

    Påmelding

    Dette er en valgfri modul som inngår i «HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk».

    Modulbeskrivelse

    Å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje mogelegheiter for livslang læring for alle er sentralt i FNs berekraftsmål for utdanning. Studentar med norsk som sitt andrespråk har ein fleirspråkleg kompetanse som har stor verdi for eigen del, for utdanninga sin del og ikkje minst når dei skal utøve yrket etter fullført utdanning. Nokre studentar med norsk som andrespråk kan ha behov for ekstra støtte i løpet av utdanninga.

    Har du studentar i undervisninga di som har eit anna førstespråk enn norsk, og som har behov for ekstra støtte? Er du usikker på korleis du best kan legge til rette for og støtte fag- og språklæring i undervisinga di?

    I denne modulen blir du introdusert for grunnleggande prinsipp for andrespråkslæring, samt kva som kjenneteiknar prosessar der læring av fag skjer samtidig som ein er i læringa av eit andrespråk. I løpet av modulen får du ei praktisk innføring i å rettleie studentar si skriving og korleis du kan legge til rette i undervisinga. I løpet av modulen får du også prøvd ut ulike pedagogiske tilnærmingar til fag- og språklæring.

    Modulen er relevant for undervising som går føre seg både på nett og på campus, og er retta mot undervisarar som ønskjer ei bevisst tilnærming til språk si rolle i læringa av eit fag.

    Nøkkelomgrep

    • Norsk som andrespråk
    • Språk- og faglæring
    • Forskingsbasert undervising
    • Studentaktiv læring
    • Fleirspråklegheit som ressurs på individ-, gruppe- og samfunnsnivå

    Læringsutbytte

    Etter gjennomført modul kan deltakarane:

    • Forstå korleis kunnskap om fag- og språklæring kan betre undervisningskvalitet, samt studentars læring
    • Beskrive eit variert repertoar av pedagogiske tilnærmingar som legg til rette for språk- og faglæring for studentar med norsk som andrespråk i den aktuelle utdanninga
    • Bruke kunnskap om ulike tilnærmingar til munnleg og skriftleg rettleiing, og syne korleis desse tilnærmingane kan støtte studentar i utdanninga
    • Legge til rette for og evaluere eiga undervisning i eit fleirspråkleg klasserom

    Læringsaktiviteter

    Modulen består av eitt forarbeid (lese ein kort tekst, skrive ein kort refleksjon om kva ein opplever er vanskeleg for studentar, men også kva ein sjølv opplever som utfordrande i undervisning og rettleiing), to mellomarbeid (1. vurdere ein studenttekst frå eige fag, eller eksempeltekstar, og 2. utføre ein pedagogisk aktivitet i undervisinga og reflektere over denne i gruppe).

    1. Før samling 1: Deltakarane les ein kort tekst som tematiserer fag- og språklæring for studentar med norsk som andrespråk. I tillegg til dette skal ein skrive ein kort refleksjon om kva ein opplever er vanskeleg for studentar, men også kva ein sjølv opplever som utfordrande i undervisning og rettleiing.
    2. På samling 1: Det blir lagt opp til ei førelesing som tek for seg kjenneteikn ved norsk som andrespråk og kva utfordringar ein kan møte på når ein lærer gjennom eit andrespråk. Deltakarane skal så gå saman i grupper og diskutere refleksjonane som dei har førebudd (forarbeid før samling 1). I oppsummeringa etter gruppediskusjonane blir det laga ei oversikt over generelle og fagspesifikke utfordringar som ein arbeider vidare med i kurset. Til slutt blir skriving på andrespråket tematisert, og dette dannar grunnlag for mellomarbeidet og neste samling.
    3. Mellom samling 1 og 2: Deltakarane les faglitteratur om rettleiing på skriving og vel ut 1-2 studenttekstar skrivne av ein student med norsk som andrespråk som ein skal vurdere og rettleie. Arbeidet skal leggast fram i grupper på neste samling.
    4. På samling 2: Deltakarane legg fram og får tilbakemelding på arbeidet. Vidare diskuterer vi korleis ein kan gå fram når ein skal rettleie skrivinga til studentar med norsk som andrespråk. På denne samlinga blir deltakarane introdusert for ulike pedagogiske tilnærmingar som legg til rette for språk- og faglæring, hovudsakleg på norsk, men også på andre aktuelle språk. Dette legg grunnlag for mellomarbeidet mellom samling 2 og 3.
    5. Mellom samling 2 og 3: Deltakarane prøver ut ei pedagogisk tilnærming til språk- og faglæring i eigen undervisningspraksis. Om ein ikkje har undervising i løpet av modulen, kan ein eventuelt lage eit detaljert planleggingsdokument for å implementere dei pedagogiske tilnærmingane i undervisinga innan sitt eige fagområde. Dette skal vere utgangspunkt for ein presentasjon (10-15 min.), der ein drøfter erfaringane med denne tilnærminga.
    6. På samling 3: Deltakarane legg fram og får tilbakemelding på presentasjonen, før vi oppsummerer og diskuterer korleis dette kan implementerast i eiga undervising.

    Vurdering

    Utover deltaking på alle tre samlingar, må deltakarane:

    • Skrive ein kort refleksjon om kva ein opplever er vanskeleg for studentar, men også kva ein sjølv opplever som utfordrande i undervisning og rettleiing.
    • Legge fram to korte presentasjonar, ein på kvar av dei to siste samlingane.
    • Gje munnleg tilbakemelding på presentasjonen til to av meddeltakarane, både på samling 2 og 3.

    Organisering av modulen

    Form: Samlingar på nett i sanntid. Førebuing før, utprøving mellom, og presentasjonar på seminara.

    Læringsplattform: Canvas

    Samlingar

    Samlingane er obligatoriske og går føre seg på Zoom til oppsette tider. I tillegg til førelesingar blir det lagt opp til studentaktive læringsformer og veksling mellom innføringar, gruppe- og plenumsdiskusjonar.

    • 3. september: kl. 1315-1600
    • 24. september: kl. 1315-1600
    • 19. november: kl. 1315-1600

    Litteratur

    García, O. & Wei, L. (2019). Transspråking i opplæringen: prinsipper, implikasjoner og utfordringer. I. Transspråking: språk, tospråklighet og opplæring. (s. 132-146). Cappelen Damm akademisk.

    Golden, A. (2022). Hvordan brukes ordene? I. Ordforråd, ordbruk og ordlæring : i et andrespråksperspektiv (5. utgåve, s. 116-135). Gyldendal Akademisk.

    Jonsmoen, K.M. & Greek, M. (2015). Språkmangfold i utdanning – refleksjon over pedagogisk praksis. Gyldendal Akademisk.

    Jølbo, I. (2021). Om stemme i andrespråksskriving hos voksne. I Pájaro, V., & Monsen, M. (Red.). Andrespråkslæring hos voksne : vitenskapelige innsikter og didaktiske refleksjoner (1. Utgave, s. 113-129). Cappelen Damm akademisk.