Kva er økonomi og administrasjon?
Økonomi og administrasjon er ei brei utdanning kor du får lære om mange viktige fagområde, i tillegg til økonomi. Du lærer blant anna om:
- Statistikk
- Leiing
- Strategi
- Maknadsføring
- Organisasjonar
Studiet passar godt for deg som ønsker å jobbe med rådgivings- eller spesialistoppgåver knytt til dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein privat eller offentleg organisasjon.
Kva kan ein bli med økonomi og administrasjon?
Alle bedrifter og organisasjonar har behov for folk med kunnskap om økonomi og administrasjon. Du vil bli høgt verdsett i arbeidslivet og attraktiv på arbeidsmarknaden.
Du kan bli siviløkonom viss du tar ein master innan økonomi og administrasjon. Ved HVL kan du ta Master of Science in Business.