Studieplan - Personleg Trenar, årsstudium
Hausten 2024
Årsstudiet gir deg kompetanse til å jobbe som personleg trenar (PT) i treningssenterbransjen. Studieprogrammet gir forskingsbasert kunnskap og ferdigheiter innan treningslære, fysiologi, anatomi og treningsmetodar/øvingar. Du vil lære å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening for kundar og andre brukarar. Studiet tek òg opp samfunnsaktuelle og etiske problemstillingar knytt til trening, kropp og helse. Vidare er utdanninga ei grunnutdanning for deg som ynskjer å jobbe med fysisk aktivitet og trening inn mot andre menneske.
Studiet kvalifiserer til vidare opptak på bachelor i idrett, trening og helse og bachelor i friluftsliv ved HVL. Etter fullført bachelor med samla karakterkrav C er ein vidare kvalifisert til opptak på master i idrettsvitskap. Frå og med hausten 2025 er det krav om mastergrad for å søke praktisk-pedagogisk utdanning (sjå eigne opptakskrav) ved HVL.
Læringsutbytte
Etter fullført årsstudium i personleg trenar (PT) skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan treningslære og anatomi
- har kunnskap om ulike aktivitets- og treningsformer/metodar som er relevant i virke som personleg trenar
- har kunnskap om å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening for ulike individ og målgrupper
- kjenner til trening og idrettens historie, tradisjonar, verdiar, eigenart og plass i samfunnet
- kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet trening og idrett
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planlegge, legge til rette for og leie trening for ulike målgrupper og justere denne under rettleiing
- kan observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske og teoretiske oppgåver knytt til personleg trenar-yrket
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder som er aktuelle for ei gitt problemstilling
- kan meistre bruk av digitale hjelpemiddel innan fagområdet trening og idrett
Generell kompetanse
Kandidaten
- har evne til å framstå profesjonelt og kunne reflektere over eigne haldningar og etisk medvit
- kan planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening
- kan utveksle og formidle synspunkt om sentrale tema og problemstillingar knytt til personleg trenar-yrket
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan dei aktuelle fagområda
Innhald
Årsstudium personleg trener (PT) tilsvarar 45 av dei same studiepoenga på første studieår i bachelor i idrett, trening og helse og bachelor i friluftsliv (danning og akademisk handverk, treningslære, pedagogikk og coaching og idrett og samfunn), medan 15 av studiepoenga er spesifikke for årsstudium personleg trenar.
Praksis
Treningssenterpraksis, to veker samanhengande på treningssenter knytt til emnet PT-rolla.
Arbeidsformer
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I tillegg vil det vere praktisk undervisning i større og mindre grupper utandørs, i treningssal og i treningsstudio. Studentane vil få erfaring med ulike typar laboratoriearbeid relevant for testing av fysisk yteevne og helse. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
I studieprogrammet vert det nytta ulike obligatoriske læringsaktivitetar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet.
Vurderingsformer
Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale obligatoriske læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgande evalueringsformer vert nytta: heimeeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen og skriftleg oppgåve i gruppe.
Krav til studieprogresjon
Ingen
Internasjonalisering
Ingen