Studieplan - Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag
Hausten 2025
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) skal kvalifisere og sertifisere for arbeid som lærar på ungdomstrinnet og i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring (trinn 8-13). PPU-Y kan også være nyttig i forhold til leiing av opplæringsaktivitetar i bedrifter, og i vaksenopplæringa.
Utdanninga er forskingsbasert, og studentane får høve til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter knytt til utøvinga av læraryrket. Yrkesfaga i studenten sin fagbakgrunn skal saman med pedagogikk, yrkespedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis gi ein heilskapleg, samanhengane, og profesjonsretta lærarutdanning. Studentane er sjølv viktige medspelarar i studiet, og må rekne med å ta aktivt del i og ansvar for eiga læring og progresjon.
Rammer for studiet er gitt i forskrift om Rammeplan, og Nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag.
Skikkavurdering
Utdanninga er underlagt skikkavurdering, jf. Lov om universitet og høyskoler § 12-3. Formålet med skikkavurdering er å avdekke om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket, og skjer gjennom heile studiet. Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. lov om universitet og høyskoler §12-3. Dersom ein student vert funnen uskikka for yrket, kan ein bli utestengd frå studiet for ein tidsperiode og vil ikkje få vitnemål.
For meir informasjon, sjå HVL si nettside om skikkavurdering.
Læringsutbytte
Studieprogrammet er styrt av forskrift til rammeplan og dei nasjonale retningslinjene.
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga
- har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/verktøy og prosesser som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak
- kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
- har kunnskap om skulens mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomstrinnet til enda fag- eller yrkesopplæring (8.–13. trinn)
- har brei kunnskap om ungdomskultur og ungdoms utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, irekna kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettigheiter i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innafor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan anvende sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
- kan planlegge, grunngje, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevanes/lærlinganes behov
- kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter, irekna yrkesdidaktisk bruk av digitale verktøy
- kan vurdere og dokumentere elevars læring og utvikling, gi læringsfokuserte tilbakemeldingar og bidra til at elevane/lærlingane kan reflektere over egen læring
- kan orientere seg i faglitteraturen og forholda seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar knytt til ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæring (8–13.trinn)
- beherskar relevante arbeidsprosessar, verktøy, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over egen yrkesutøving og justere denne under rettleiing
- kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
- kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfagleg og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnets beste.
Generell kompetanse
Kandidaten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
- Kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevanes/lærlinganes læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
- kan analysere egne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sitt behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
- kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv involverast i opplæringa
- kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
- kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Innhald
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har eit omfang på 60 studiepoeng og består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk. Pedagogikk og yrkesdidaktikk er integrert i fire emne:
- Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv (30 stp.)
- Praksis 1
- Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv (30 stp.)
- Praksis 2
Hovudfokus i PPU-Y er på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, og målet er å utdanne lærarar som kan bidra i arbeidet med relevant fag-/yrkesopplæring. Studiet skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gje studentane ein naudsynt startkompetanse som yrkesfaglærarar. Gjennom å ha ei utforskande tilnærming til lærestoffet vil studentane kunne tileigne seg det som er naudsynt for å oppnå en slik profesjonsfagleg startkompetanse.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha gjennomført og godkjent obligatoriske læringsaktivitetar i emnet.
Nærare presisering av tidspunkt for fysisk og digital undervisning, blir gitt i emneplan og informasjon frå den einskilde studiestad.
Praksis
Praksis består av 60 heile dagar (30+30), der minimum 10 dagar skal føregå i ungdomsskulen. Praksisen skal ta utgangspunkt i studiet sine emne, slik at pedagogisk og yrkesdidaktisk kompetanse gjensidig utfyller kvarandre i kvalifiseringa til læraryrket.
Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidskvardag og er skildra i emneplan for praksis. Praksis skal være rettleia, variert og vurdert, og studentane vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar, lærar frå studiestad og studenten sjølv deltek. Vanlegvis vil praksisoppfølginga i studiet bestå av eit fysisk besøk, i tillegg til digitale former for oppfølging. Studentar som er tilsett i skulen, kan gjennomføre 50% av praksis på eigen arbeidsplass, etter avtale med praksiskoordinator. Nærare informasjon om praksis er gitt i emneplanane og på Høgskulen på Vestlandet sine nettsider om praksis.
Arbeidsformer
Studiet gjer bruk av ei rekke varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir tatt i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema som ein arbeider med. Nærare presisering er gjort i emneplanane og informasjon frå den enkelte studiestad. Undervisningsaktivitet vil føregå på campus, men vil også kunne føregå på vidaregåande skuler som Høgskulen på Vestlandet samarbeider med, eller på annan læringsarena. Digitale arbeidsformer blir også nytta i studiet.
I praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag er det eit samspel mellom lærarar i pedagogikk og yrkesdidaktikk. På den måten får studentane moglegheit til å utvikle praktisk kompetanse og teoretisk kunnskap om yrkesfaglærarar sitt didaktiske handlingsrom.
Vurderingsformer
Kompetansen vil bli vurdert både gjennom skriftlege, munnlege og digitale dokumentasjonsformer. Vurderingsformer er nærare skildra i emneplanane.
For å kunne avlegge eksamen må studenten ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar, slik desse er fastsett i det enkelte emne og i informasjon frå det enkelte studiestad.