Profesjonsfagleg digital kompetanse | 2. studieår

Master

Å undervise i ein digitalisert skule krever ein ny og annan kompetanse både for lærarar og for andre som jobber i og med opplæring. Ein lærerspesialist innan PfDK skal bidra til fagleg utvikling hos lærarar, og sikre høg kvalitet på integrering og bruk av digitale læringsressursar i undervisninga.

Stord, Drammen

Hopp til

    Dette masterprogrammet blir tilbydd av Universitetet i Sørøst-Norge og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Sørøst-Norge. Universitetet i Sørøst-Norge er ansvarleg for opptak til studiet. For meir informasjon, sjå studiet si nettside på USN.

    Masterutdanninga er ei forlenging av lærarspesialistutdanninga

    Utdanninga er samlingsbasert med samlingar på Stord første og siste semester. Andre og tredje semester er det samlingar ved USN i Drammen.

    Våren 2022 går emnet Vitskapleg arbeid og forskingsdesign på Stord. Første samling blir akademisk skriving 26. og 27. januar 2022.