Hopp til innhald

Studieplan - Årsstudium i reiselivleiing

Hausten 2022

Studiet tar for seg grunnleggande emne innan for fagområda reiseliv, marknadsføring, bedriftsøkonomi , organisasjon & leiing. Emna vil gi ein generell teorikunnskap og verktøy som kan være til nytte i det praktiske arbeidslivet.

Reiseliv; studiet tar for seg omgrep og definisjonar i reiseliv, korleis det heilskaplige reiselivsproduktet er sett saman, motivasjonteori og formål med reiser samt kva dei ulike kjernenæringane innheld. Vidare tek studiet føre seg kjenneteikn og utvikling av tematiserte opplevelser som helseturisme, sportsturisme, kulinarisk turisme, mørk turisme, cruise med meir. Overordna mål er å inspirere og gje studenten verktøy til å utvikle nye produkt.

Marknadsføring og økonomi; grunnleggande teori som vil gje verktøy til å utvikle markedsplan og markedsanalyser, velje målgrupper og segment, sette opp budsjett og lese regnskap, gjennomføre økonomiske analyser.

Organisasjon og leiing; gi studenten praktiske verktøy innen personalledelse som til dømes tilsettinger , sette opp hms-planer, finne og kjenne til relevant lovverk for å drifte ei bedrift/organisasjon

Studiet er nært knytt til næringslivet i form av gjesteforelesingar, bedriftsbesøk, praktiske eksempel (case) og forskingsbasert undervisning.

 Studiet vil høve for studentar med generell studiekompetanse eller realkompetanse som ønskjer ei grunnleggande innføring i turisme og reiseliv. Det kan også være relevant for bachelorkanditatar eller andre med utdanning frå høgskule eller universitet som ønskjer eit påbyggingsstudium innan turisme og reiseliv.

Årsstudiet vil også høva særs godt for dei som i utgangspunktet ikkje ynskjer ein grad, men som i yrkessamanheng treng grunnleggjande kunnskap innan turisme og reiseliv.

Studiet tilsvarer fyrste året i bachelorutdanninga i reiselivsledelse, og gjev grunnlag for opptak vidare inn på bachelorutdanninga.

Læringsutbytte

Kunnskaper
Kandidaten har kunnskap

  • Om næringsstrukturen i reiselivet og grunnleggande omgrep i reiselivsnæringa
  • Om kjenneteikn av kjernenæringane i reiselivsproduktet
  • Om tematiserte opplevelser og storytelling
  • Om korleis marknadsføre varer og tenester
  • Om og kjenne til forskings-og utviklingsarbeid innan fagrområdet.
  • Om relevante teoriar og metodar innan bedriftsøkonomi
  • Om relevante teoriar og metodar innan forretningsjus
  • Om hovudoppgåver innan personalleiing
  • Om etablering av bedrift
  • Og kjenne til verktøy og metodar for formidling og analyse av tematiserte opplevelser

 

Ferdigheiter
Kandidaten kan

  • Utvikle tematiserte opplevelser og historier
  • Løyse ulike utfordringar i vertskapsrolla og utøve service
  • Vere mellomleiar og utøve oppgåver innan personalleiing
  • Jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til å utvikle best praksis
  • Sette opp budsjett for ei bedrift /organisasjon og gjennomføre bedriftsøkonomiske analyser
  • Finne fram og vurdere relevante lovverk som til ei kvar tid gjer seg gjeldande i ein organisasjon og ei bedrift
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det tek føre seg ei problemstilling
  • Kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • Kan meistre faglege verktøy, teknikar og uttrykksformer for formidling av opplevingar og drift av ei servicebedrift

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • gå vidare på bachelornivå, inn på 2. året etter studiet
  • kan bruke dei kunnskapane, metodane og verktøya dei opparbeidar seg på ein kritisk måte

Innhald

Dette året er mesteparten av undervisning og læring ved campus Sogndal, høgskulen på Vestlandet med unntak av ekskursjonar, studieturar og bedriftsbesøk . Ein liten del av undervisninga vil bli gjennomført digitalt.

Praksis

Det er ikkje lagt opp eige emne innan utplassering og praksis men som integrert del i vertskap & service som dessutan vil ha fokus på praktisk drift av ei reiselivsbedrift.

Arbeidsformer

Forelesing, gruppearbeid, feltarbeid, observasjon, praksis, sjølvstendige og praktiske øvingar, ulike digitale læringsformer som t.d. Teams osb.

Det er obligatoriske arbeidskrav i alle emne som studenten må bestå for å få lov å ta eksamen (sjå nærare skildring i kvart emne).

Vurderingsformer

Ulike som skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen . Både individuelt og i grupper (sjå nærare skildring i kvart emne).

Internasjonalisering

Det er ikkje lagt opp til utveksling dette fyrste året men rett etterpå som er tredje semester i bachelor for Reiselivsledelse.