Studieplan - Årsstudium i reiseliv, marknadsføring og ledelse
Hausten 2024
Studiet tar for seg grunnleggande emne innan for fagområda reiseliv, marknadsføring, bedriftsøkonomi , organisasjon & leiing. Emna vil gi ein generell teorikunnskap og verktøy som kan være til nytte i det praktiske arbeidslivet.
Reiseliv; studiet tar for seg omgrep og definisjonar i reiseliv, korleis det heilskaplige reiselivsproduktet er sett saman, motivasjonteori og formål med reiser samt kva dei ulike kjernenæringane innheld. Vidare tek studiet føre seg kjenneteikn og utvikling av tematiserte opplevelser som helseturisme, sportsturisme, kulinarisk turisme, mørk turisme, cruise med meir. Overordna mål er å inspirere og gje studenten verktøy til å utvikle nye produkt.
Marknadsføring og økonomi; grunnleggande teori som vil gje verktøy til å utvikle markedsplan og markedsanalyser, velje målgrupper og segment, sette opp budsjett og lese regnskap, gjennomføre økonomiske analyser.
Organisasjon og leiing; gi studenten praktiske verktøy innen personalledelse som til dømes tilsettinger , sette opp hms-planer, finne og kjenne til relevant lovverk for å drifte ei bedrift/organisasjon
Studiet er nært knytt til næringslivet i form av gjesteforelesingar, bedriftsbesøk, praktiske eksempel (case) og forskingsbasert undervisning.
Studiet vil høve for studentar med generell studiekompetanse eller realkompetanse som ønskjer ei grunnleggande innføring i turisme og reiseliv. Det kan også være relevant for bachelorkanditatar eller andre med utdanning frå høgskule eller universitet som ønskjer eit påbyggingsstudium innan turisme og reiseliv.
Årsstudiet vil også høva særs godt for dei som i utgangspunktet ikkje ynskjer ein grad, men som i yrkessamanheng treng grunnleggjande kunnskap innan turisme og reiseliv.
Studiet tilsvarer fyrste året i bachelorutdanninga i reiselivsledelse, og gjev grunnlag for opptak vidare inn på bachelorutdanninga.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten har
- Brei kunnskap om næringsstrukturen i reiselivet og grunnleggande omgrep i reiselivsnæringa
- Brei kunnskap om kjenneteikn av kjernenæringane i reiselivsproduktet og tematiserte opplevelsar og stortytelling
- Grunnleggande kunnskap om organisasjon og leiing, personalleiing, forretningsjus, marknadsføring og bedriftsøkonomi.
- Grunnleggande kunnskap til forsing - og utviklingsarbeid innan reiseliv.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- Utvikle tematiserte opplevingar og historier, altså produktutvikling.
- Løyse ulike utfordringar i vertskapsrolla og utøve service
- Vere mellomleiar og utøve oppgåver innan personalleiing
- Jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til å utvikle best praksis
- Sette opp budsjett for ei bedrift /organisasjon og gjennomføre bedriftsøkonomiske analyser
- Finne fram og vurdere relevante lovverk som til ei kvar tid gjer seg gjeldande i ein organisasjon og ei bedrift
- Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det tek føre seg ei problemstilling
- Kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- Kan meistre faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer for formidling av opplevingar og drift av ei servicebedrift
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- Bruke dei kunnskapen, metodane og verktøya dei opparbeidar seg på ein kritisk måte
- Reflektere over kva som er beste praksis.
- Kjenne til nytekning og innovasjonsproessar.
- Formidle sentralt fagstoff som teori, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg og andre relevante uttrykksformer innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Innhald
Dette året er mesteparten av undervisning og læring ved campus Sogndal, høgskulen på Vestlandet med unntak av ekskursjonar, studieturar og bedriftsbesøk . Ein liten del av undervisninga vil bli gjennomført digitalt.
Praksis
Det er ikkje lagt opp eige emne innan utplassering og praksis men som integrert del i vertskap & service som dessutan vil ha fokus på praktisk drift av ei reiselivsbedrift.
Arbeidsformer
Forelesing, gruppearbeid, feltarbeid, observasjon, praksis, sjølvstendige og praktiske øvingar, ulike digitale læringsformer som t.d. Teams osb.
Det er obligatoriske arbeidskrav i alle emne som studenten må bestå for å få lov å ta eksamen (sjå nærare skildring i kvart emne).
Vurderingsformer
Ulike som skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen . Både individuelt og i grupper (sjå nærare skildring i kvart emne).
Internasjonalisering
Det er ikkje lagt opp til utveksling dette fyrste året men rett etterpå som er tredje semester i bachelor for Reiselivsledelse.