Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, innan ingeniørgeologi, naturgeografi, geologi, geoteknikk, hydrologi eller meteorologi.
- To års arbeidserfaring (dokumentert med arbeidsattest)
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere skredfarevurdering i bratt terreng?
Kartlegging av skredfare i bratt terreng etter byggteknisk forskrift TEK17 er ei kompleks oppgåve. Det krev djuptgåande teoretisk kunnskap om ulike skredtypar, inkludert prosessforståing, identifisering av potensielle lausneområde, gjenkjenning av avsetning og landformer, samt innsikt i modelleringsverktøy. Til saman gir dette kompetansen du treng for å identifisere, vurdere og kvantifisere årleg sannsyn for skred, og dermed avklare den lokale skredfaren i eit avgrensa område.
Kva lærer du?
Gjennom kurset vil du få ei brei teoretisk innsikt i ulike skredtypar. Du vil lære om effekten av skog, relevante meteorologiske og klimatiske utløysingsfaktorar for skred, i tillegg til lovverk, teknisk rettleiar og skredmodelleringsverktøy.
Etter fullført kurs skal du vere i stand til å planlegge, utføre og formidle skredfarevurderinga i bratt terreng etter TEK17, og kunne takle utfordringar som rettleiaren ikkje gir eit fullgodt svar på.
Les meir om kva du lærer i emneplanen for GEO851 Skredfarevurdering i bratt terreng.
Målgruppe
Vidareutdanninga er relevant for deg som er geolog, meteorolog eller hydrolog. Den er relevant for deg som er masterstudent, nyutdanna eller i ein prosess med arbeidslivsomstilling. Du må ha to år med arbeidserfaring, men dette treng verken vere fulltid eller innanfor fagfeltet.
Undervisningsform
Undervisninga føregår som digital formidling med videoforelesningar og oppfølging i digitale samlingar med øvingar og kollokviegrupper.
Det blir to fysiske samlingar, ein på tre dagar og ein på fem dagar, med feltpraksis, modellering og vurdering av faresoner.
Under dei digitale samlingane skal vi arbeide med utfordringar som går utover den nasjonale rettleiaren for utgreiing av tryggleik mot skred i bratt terreng. Du vil rekne på, kartlegge og diskutere problemstillingar henta frå praksis.
Under dei fysiske samlingane vil feltarbeid stå sentralt – med fokus på komplekst terreng med samansett skredproblematikk. I slutten av emnet skal du levere ei prosjektoppgåve som inneber skredfarekartlegging av eit aktuelt område. Denne vil vere lik det som er forventa i arbeidslivet. Du får tilbakemelding frå erfarne fagpersonar undervegs, og oppgåva tel som avsluttande eksamen i emnet.
Samlingsdatoar
Fysiske samlingar i felt går over fleire dagar:
- 28 – 30.04.2025 Feltkartlegging med NGU
- 15 – 19.09.2025 Feltkartlegging, modellering og faresonekartlegging
Det blir digital undervisning kl. 09.15 – 15.00 torsdagar følgande datoar:
- 30.01.2025 Modul 1: Snøskred og sørpeskred
- 13.02.2025 Modul 2: Hydrologi i bratt terreng
- 27.02.2025 Modul 3: Flaumskred og jordskred
- 13.03.2025 Modul 4: Steinsprang og steinskred
- 27.03.2025 Modul 5: Vèr og klima
- 10.04.2025 Modul 6: Skog
- 24.04.2025 Modul 7: Forarbeid felt
- 15.05.2025 Modul 8: Lovverk og teknisk forskrift
- 11.09.2025 Modul 9: Skredmodellering
Tilrådde forkunnskapar
Interesse for skredfaresonekartlegging i bratt terreng etter TEK17 og erfaring med GIS.
Eksamensform
Oppgåve (skredfarerapport). Karakter bestått / ikkje bestått
Pensum
NVE sin digitale rettleiar «Utredning av sikkerhet mot skred i bratt terreng» samt eit utval av artiklar, delar av lærebøker og nettresursar.
Litteraturliste vil vere publisert i pensumlistesystemet Leganto innan starten av semesteret.
Studieavgift og betaling
Studieavgifta inkluderer sjølve studiet, samt transport frå campus Sogndal til stadane for feltstudium på samlingsdagane. Studieavgifta dekker ikkje overnatting og kost på samlingsdagane. Utgifter til litteratur kjem også i tillegg.
Semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen er valfri å betale for deg som tar vidareutdanning. Om du betaler semesteravgift vil du få studentbevis, som kan gje deg studentrabatt ved til dømes kollektiv transport. For å kunne få stønad frå Statens Lånekasse, må også semesteravgifta vere betalt. Les meir om semesteravgift her.
Du vil få tilsendt faktura for studieavgifta etter første digitale samling.